God morgon. Eg tenner eit adventlys. Kva vil menneske ha av Gud? Er det ikkje noko med harmoni - å finna balanse? Bibelen spreier ikkje berre sjelefred. I 1. Johannes brev står i 3. kapitlet:
"Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel let att hjarta når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?" Me lærte ein masse salmevers i skulen på 60-talet.
Eitt av dei var: "Sørg, O kjære Fader, du, jeg vil ikke sørge, [object]ikke med bekymret hu om min fremtid spørge. Sørg du for mig all min tid, sørg for mig og mine. Gud, allmektig, nådig, blid, sørg for alle dine." Eg likte songen. I eit tiår med kald krig og atomopprusting gav det sjela motvekt å vita at me hadde ein Far i himmelen som heldt auga med oss.
Songen blei skriven på 1600-talet av ei tysk adelskvinne. Og så tenkjer eg: Det er nå fint, at eg finn mi livskjensle i ord formulerte for 3-400 år sidan. Verset blei omsett til dansk i 1734, i den fromme kong Christian 6. si regjeringstid. To år seinare innfører han konfirmasjonen. 1739 bestemmer han at alle norske born skal gå på skulen.
Her ser ting ut til å henga saman. Men der er spøkelse i mange skap, og lik i mange laster. Bokstaveleg talt. På denne tida hentar Danmark-Norge store inntekter frå utanriksfart. Det gir pengar til staten, og til mang ein sjømann. Sikkert også frå den kysten eg bur på. Kva dei fraktar?
Helst slavar, frå Afrika til Vestindia. 85.000 slavar går over Atlanteren på dansk-norsk kjøl mellom 1660 og 1806. I 1792 bestemmer Christian 7. at slavetransportane skal stansa - om elleve år.
Berre på dei åra fraktar dei 30.000 slavar. I dei danske koloniane i Vestindia held slavehandelen fram til 1840-talet. Såg dei ikkje galskapen? Korleis kunne dei gjera seg rike på slavehandel, utan "bekymret hu"? Tenkte dei aldri på at dei gjorde seg til Guds fiendar, når dei oppførte seg slik mot hans skapningar?
Det er uhistorisk å hissa seg opp over dette nå. Me skal iallfall vita om det, ikkje minst når me tenner adventlys. At det fromme blir falskt, om me lukkar auga for verda. Og me må spørja: Kva er det me er blinde for, nå? Trua sitt fremste kjennemerke er ikkje fred, men uro.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Svein Ellingsen og Trond Kverno sin salme "Noen må våke i verdens natt", og det er Oslo Gospel Choir som syng.