Du har sikkert fått med deg at aviser og TV har kåra årets namn. Ved nyttårsskiftet er dette noko mange er opptatt av, anten det er innanfor sport, kjendisliv eller politikk. Men kven hugsar vel årets namn i 2002? Eller i 1998? Namn kan verke store og viktige i augneblinken, men ganske fort bleiknar dei og forsvinn både ut av hukommelsen og ut av mediebiletet.
Då Stalin fylte 70 år blei han av avisa Pravda omtalt som "livets lykkebringer", men få år seinare skulle namnet hans fjernast frå historiebøkene i Sovjet. Personar kjem og går, namn kjem og går, bortsett frå eit: Namnet Jesus.
Det namnet bleiknar aldri, det "tæres ei av tidens tann". Då eg var liten, bygde vi hus i Sykkylven, og vi kjøpte tomta av ein nabo som heitte Bernt Fauske. Han var ein original, fargerik og fascinerande person. I sin ungdom fekk han ein brann i hjertet for Jesus, og han ville at andre ungdommar skulle få møte Jesus dei og.
Så han kjøpte ein båt, for å kunne ta dei med på ungdomsstemne rundt om på Sunnmøre. Han kalte båten Brand, seinare selde han denne båten og kjøpte ein større, det vart Brand 2. Då eg fekk han som nabo, var han gammal, men like brennande, og han var komen til Brand 7.
Han slutta ikkje å brenne for Jesus, for han hadde fått møtt ein som kunne fylle hans liv, som kunne sette hans sjel i brann. Namn kjem og går, bortsett frå eit: Jesus Kristus. Om han står det i dagens tekst frå Hebrearbrevet. "Jesus Kristus er i går og i dag den samme, ja til evig tid."
Fordi han er den samme, så står det også i teksten vår: "Difor kan vi vera trygge og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd."
Vi veit ikkje kva det nye året vil bringe oss. Kanskje gode ting, men sikkert også vonde dagar og problem. Men ein ting veit vi, vi går ikkje åleine inn i det nye året, saman med oss går Jesus. Han er i går og i dag den samme, ja til evig tid.
Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.
* * *
Sigvart Dagsland synger "Navnet Jesus blekner aldri".