Hopp til innhold

Bedre å gi enn å få

Kjenn etter forholdet mellom å gi og å ta i mot. For nokon av oss er kanskje tida mogen for å sette seg ned å lytte, seier Kari Veiteberg.

Kari Veiteberg
Foto: Privat.

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

I dag er Martas navnedag. De hugsar kanskje søstrene Marta og Maria som levde med broren Lasarus i den veske landsbyen Betania, like utafor Jerusalem? I Johannes evangeliet kan vi lese at Jesus ”var glad i Marta og hennes søster og Lasarus.” Det vert sagt at dei må ha vore dei viktigaste kvinnene i livet hans, ved sida av mora, Maria. Jesus gråt då han høyrde at bror deira var død, og vekte han opp til livet igjen.

I følgje den gamle norske kalenderen er 17. oktober dagen for å minnast Marta frå Betania. Ein gong var Marta saman med søstera Maria, vert for Jesus. Marta stod på kjøkenet og misunnte søstera som berre la seg ned ved Jesu føter. Jesus irettesette henne og sa at ho var full av unødige suter: ”Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.”

Det er Martas dag i dag. Kva skulle vi ha gjort utan Marta? Kva skulle verda ha gjort utan oss som styrer, ordnar og legg til rette? – Som legg på duken, vatnar blomane, strør grus, kokar kaffi, - får det heile til å gå rundt.

I dag vil eg ta Marta i forsvar. Eg synes ho har blitt irettesett nok. Det er nok no.

I dag er det Martas dag og eg trur at det er kjempeviktig at vi ikkje spelar dei to søstrene ut mot kvarandre. Det blir feil å fryse den eine fast på kjøkkenet og den andre ved Jesu føter. Kvifor? Fordi ingen av oss likar å bli hugsa for berre den eine gongen. Eg trur vi har det felles med desse to, at vi synes folk gjer oss utrett om dei berre hugsar oss frå ein sitasjon, og så terpar og terpar dei på den: ” Du er sånn, det veit eg frå den gongen du sa/gjorde det.”...

Ein annan gong Marta dukkar opp, møter vi ho som ei som set ord på kristentrua: ”Ja, Herre, seier ho, ”eg trur du er Messias, Guds son, han som skal komme til verda.”

Evangelisten Johannes skildrar trusstyrken hennar i samband med døden til broren Lasarus. Marta, er her i denne situasjonen mitt forbilde for både trusstyrke og frimodigheit.

Marta ei aktiv og mogen kvinne. Medan både Maria Magdalena og Maria frå Betania blei gjort til symbol på ”kjøtets lyst”, går Marta fri frå slikt. Til lukke med dagen, Marta. Hugs eller finn ut, at du kan velje. Kjenn etter forholdet mellom å gi og å ta i mot. For nokon av oss er kanskje tida mogen for å sette seg ned å lytte, gi tid for studier eller berre det å la tankane fare.

Skriv til Kari Veiteberg her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *  * * * *

Vi høyrer Kristin Asbjørnsen syngje "When I was in Heaven sitting down".

Andakt tirsdag 17/10.

Skog