Hopp til innhold

Barnetru

Me skal ikkje leggja vekk den ansvarlege uroa for korleis me formidlar gudstru til neste generasjon. Me skal vera kloke, så barnetrua heile tida har bakkekontakt, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Barnesongane i kyrkja er ikkje kva dei ein gong var. Meir lyd, meir stemme, meir rytme. Orda er ikkje så mykje forandra, men gjerne litt tøffare i uttrykket.
”Vår Gud er så stor, så sterk og så mektig. Fins ingenting han ikke kan”, er ein av dei.

Framført med store fakter med armar og kropp, for å visa kor stor og mektig Gud er, og hovudristing for å demonstrera kor mikroskopisk lite det er, det Han ikkje kan. Jo, det er gildt med dei unge. Men eg trur ikkje eg er åleine om å tenkja tanken: Er det rett å dressera ungar til å ta så store ord i sin munn? Kor lenge kan det vara, at dei står storøygde og gaular ut ei barnetru som er så påståeleg, så sikker.

Var det ikkje ein idé å minska seglføringa, før ungane får livet sjølv slengt brutalt i trynet? Har me ikkje eit ansvar, me som er vaksne, den dagen dei må innsjå at Gud ikkje er åleine på banen?

Me teiknar lett Gud med dei fargane som er in i tida. Me kan ikkje la vera å tenkja ”på den eine sida, og på den andre”. På å ta atterhald, så ikkje munnen blir for full. Om ein hadde sett ein av våre komitear på å meisla ut truvedkjenninga i dag, kva hadde resultatet blitt? Ville dei, med fire mot tre røyster avgjort at Gud har relativt stor påverknad?

Kanskje med ei fotnote, om at dersom kyrkja, organisasjonen til fremje av tanken om Gud, dersom denne rørsla voks seg stor og sterk, så kunne kanskje Guds påverknad auka med nokon promille?

Bibelen er meir direkte, til tider burlesk. ”Han som tronar i himmelen, ler”, står det i ein av salmane i Det gamle testamentet. Bibelen er ein påstand, om ein Gud, så stor og så mektig. Og frå ei side sett er det som er vitsen med ei kristen forsamling, med alt som heiter kyrkje: Å vera jubelgjeng for Den allmektige, å spegla hans glans, å vera ekko av den himmelske herlegdomen. Til og med rekka tunge til alle Guds fiendar.

Nei, me kan ikkje kle av oss den tida me er ein del av. Me skal ikkje leggja vekk den ansvarlege uroa for korleis me formidlar gudstru til neste generasjon. Me skal vera kloke, så barnetrua heile tida har bakkekontakt. Men dei store orda om Gud, dei skal få stå, som ei konstant utfordring til oss om å gje oss trua og håpet i vald. Skulle me slutta å bruka dei himmelske orda, så skal steinane tala, seier Jesus.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Solveig Leithaug Henderson og Bjarte Leithaug synge ”Vår Gud er så stor”.

Skog