Hopp til innhold

Av jord

Den kristne gravferda jordnær. Ho sluttar ikkje i molda, men med orda "Av jorda skal du atter stå opp," seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå 1. kor. 15, 20-28:

- Her skal eg liggja, sa ei bestemor til barnebarna ute på kyrkjegarden. Ho hadde ikkje lenge igjen å leva, og ho visste det. I reine ord forklarte ho korleis gravferda kom til gå føre seg.

Det skjedde og, nokon veker seinare. Med barnebarna til stades. Ikkje alle klarer å leva - og døy - så jordnært. Eller er det å gå over strekenω Blir det makabert å snakka til ungar om realitetane i "til jord skal du verta"ω

Det spørst kva horisont eg har rundt livet mitt. Dersom eg lever i trua på at pengane og makta og æra skal veksa inn i himmelen, då er det opplagt at det blir altfor brutalt å høyra at "du kan ingenting ta med dig dit du går". Trur eg på evig ungdom, på at alt blir ein opptur for livets glade guttar og jenter, då blir det å banna i kyrkja å snakka om at "til jord skal du verta".

Men dei orda høyrer med i ei kristen gravferd. Rett etter orda om at "av jord er du komen". At eg er forma av materie, er ein liten prikk i det store kretsløpet. Eg har fått livs-ande og sjel blåse inn i meg av Skaparen. At livet er eit privilegium, gitt meg, ikkje noko eg har tatt meg til sjølv.

Det er i den samanhengen det gir meining å vera ærleg om at "til jord skal du verta". Alt som går opp, kjem før eller seinare ned. Det som lever, skal døy. Slik har det vore sidan Adams tid.

Slik er detω Ja, men nei. Paulus skriv om rammene for liv: ”Liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus” (1. Kor. 15, 22).

Den kristne gravferda jordnær. Likevel sluttar ho ikkje i molda, men med orda som får mange til å sjå ned eller opp eller lukka augene: "Av jorda skal du atter stå opp".

Her er margen i kristen tru. Kristendom er først og sist håp.
Ikkje ein vennleg optimisme eller nøktern framtidsiver. Håpet er slett ikkje alltid basert på erfaringar frå eige liv. Men Jesu oppstode frå dei døde starta ein lavine som sette far etter seg som det ikkje går an å få vekk. Tende eit lys som ikkje noko mørker har klart å sløkkja. Gav eit håp som mange har kjent som sterkare enn alt anna.

Visst er det freidig, på kanten til det frekke. Men det skal seiast: Av jorda skal du atter stå opp.
Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi hører "Deg være ære" bli fremført av Sigvart Dagsland.

Høyr andakten 12/4.

Skog