Hopp til innhold

Arv og miljø

Dåpen har også ei miljø-side. Han er ei ståande utfordring til meg og til alle døypte: Å vera eit Guds barn. Tenk om nokon ser at eg liknar på Jesus, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Nei, kor lik han er på mor si, stakkar. Det var om meg dei sa det, men det er så lenge sidan at eg ikkje hugsar det. Mor og eg har ofte undra oss over kva folk kan ha meint med ”stakkar”. For me er begge godt nøgde me d å likna på kvarandre. Me liknar ennå.

To ting avgjer kven eg blir: Først kven som er mor mi og far min. Genane , arven, som biologane vil seia. Og så miljø: kva som møter meg gjennom livet. Ikkje minst: Kven eg møter, korleis dei påverkar meg.

I kristne kyrkjer har dåp alltid vore sentralt. Det er litt usemje om barnedåp er det rette, eller om ein må vera så stor at ein sjølv har bestemt seg for å bli døypt. Men dette er ikkje det viktigaste med dåpen i noko fall. Hovudsaka er at eg blir eitt med Jesus. Og slik Bibelen formulerer seg, så handlar dåpen om både arv og miljø. Arv, fordi eg blir født på ny.

Dåpsvatnet blir eit fostervatn, ut av det kjem eg som eit Guds barn, født på ny ved Den heilage anden. Det er eit endå sterkare forhold enn for eit fosterbarn. Eg får namn etter Kristus – som ”kristen”. Og eg får full arverett, fordi eg er Guds barn.

Paulus skriv at den som er døypt er i eit lagnadsfellesskap med Jesus, som om me var laminerte. Når eg blir døypt, er eg gravlagd med Kristus. Eg blir óg oppreist med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde (Kol 2, 12).

Eit liv er meir enn å bli født. Det skal levast. Mens mor var alt for meg så lenge me heldt direkte kontakt gjennom ein navlestreng, har ho seinare måtta sleppa meg meir og meir. Eg har likevel ganske mange fakter og haldningar etter mor. Om eg ikkje alltid gjer dei same vala som mor, så er det mange som ser eit ekko av mor i min levemåte. Og dette handlar ikkje om arv, men miljø.

Dåpen har også ei miljø-side. Han er ei ståande utfordring til meg, og til alle døypte, om å vera det eg er: Eit Guds barn. ”Nei, kor lik han er på Jesus, stakkar”. Tenk om nokon tenkte det om meg!

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Marit Carlsen og Simon Flem Devold framføre dåpssalmen ”Fylt av glede”.

Skog