Hopp til innhold

Apostelen Barnabas sin dag

Barnabas gledde seg over det han såg i Antiokia, han såg at Guds nåde vart spreidd gjennom dei forfølgde kristne, og han formana dei til å stå fast, fortel Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Apg. 11, 19-24.

Det er apostelen Barnabas sin dag.Barnabas tyder trøystarsonen, mannen var levitt og kom frå Kypros, fortel Apostelgjerningane. Der åtte han ein åker som han selde for deretter å leggja pengane ved føtene til Jesu apostlar. Det var eit teikn på at han ville tena Kristi sak med seg og alt han åtte.

Barnabas var ein sentral person mellom dei første kristne. Det var han som introduserte Paulus for apostlane i Jerusalem, dei var ellers redde for kristenforfølgjaren Saulus som hadde skremt og plaga dei kristne der han fór fram, men som hadde møtt Jesus og gått i hans teneste.

Sidan var dei mykje i lag, Paulus og Barnabas. Dei underviste, dei talte og dei oppmuntra dei kristne som ofte leid vondt på grunn av trua si. Mange truande rømde heimane sine og vart spreidde rundt om i Mellomasia. Men trass motgangen gav dei ikkje opp; tvert om starta dei nye kyrkjelydar på stadane der dei kom, og dei forkynte etterkvart ikkje berre for jødane, men også for dei gruppene som gjekk under namnet ”heidningar”.

Apostlane i Jerusalem sende Barnabas til Antiokia for å støtta den veksande kristne forsamlinga der, og han henta til seg Paulus som hjelp. Dei var der eit år og forkynte og underviste. Antiokia var ein stor og pulserande handelsby nord i Syria, med både orientalske og gresktalande innbyggjarar. Her vart altså den første heidningekristne forsamlinga grunnlagt, og det var her ordet ”kristne” først vart brukt om Jesu følgjesveinar.

Barnabas gledde seg over det han såg i Antiokia, han såg at Guds nåde vart spreidd gjennom dei forfølgde kristne, og han formana dei til å stå fast. Seinare vart Barnabas og Paulus usamde om den unge Markus skulle få vera med på reise etter at han hadde svikta ein gong.

Barnabas var villig til å gi Markus ein ny sjanse, han skilde lag med Paulus og tok Markus med seg. Kanskje var dette med på å gi Markus frimod til å skriva sitt evangelium? Barnabas var ein god mann, seier Apostelgjerningane, fylt av Heilag Ande og tru.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer SKRUK med sin dirigent Per Oddvar Hildre og Vårsøg med "Jeg råde vil alle".

Andakt 11.06.08 ved Vigdis Berland Øystese

Dersom ein går inn på Bibelen.no på internett, får ein opp 27 treff på søkeordet Barnabas. 22 av dei er frå Apostelgjerningane i Det nye testamentet, fem frå brevlitteraturen der.

Skog