Hopp til innhold

Alt i alle

– Dersom det er sant at Gud lengtar etter å kommunisere med kvar og ein av oss – kvifor er det så vanskeleg for oss å oppfatte hans tale?

Hjerteblad
Foto: Ragnhild Lund Ansnes / NRK

Dersom det er sant at vårt djupaste behov er å kome nærare Gud – kvifor er det så tungt for oss å kontakte han?

Vi skal vite at det dreier seg om same sak i forholdet til Gud som forholdet til kvarandre. Kvifor er det så krevjande å halde kjærleiken levande? Kvifor veks murane mellom oss så raskt? Kvifor let vi att hjartet for kvarandre – endå vi lengtar inderleg etter meir kontakt?

Ein gong i mitt vaksne liv let Gud meg bli godt kjent med ei gruppe menn. Vi kom kvarandre nær gjennom å øve oss på å snakke sant til kvarandre og lytte aktivt til kvarandre. Langsamt vaks det fram ei ny bøn i meg: Kjære Gud, lat meg få kome nærare deg, slik som eg er komen nær desse mennene.
Det er ikkje lett for oss menneske å snakke sant om det som rører seg i oss, å kommunisere reint og klart til dei som står oss nær. Dei fleste av oss har laga solide forsvarsverk rundt vårt inste. Det er berre kjærleiken, den som er sterkare enn døden, som kan løyse opp desse forsvarsverka. Vi treng eit liv til å øve oss på å ta imot og gi vidare.

Gode Gud, Kyrie eleison. Miskunna deg over meg. Ta meg inn i kjærleikens skule. Gi meg mot og vilje og lyst til å øve meg i kjærleikens kunst. Så eg ikkje gir opp på halvvegen. Øve meg i å tale og teie, seie ifrå og opne opp. Unn meg ein betre kontakt med hjartet mitt så eg kan bevisst opne det både for andre menneske og for deg, så eg kan tale sant om mine gleder og sorger, mine synder og mine gåver, både til deg og til dei du har gjeve meg å leve saman med.

Så eg kan våge å utsette mine forsvarsverk for din kjærleik, så du kan smelte min motstand i det tempo du ser eg toler. Så eg kan bli eit friare og meir elskande menneske, betre å vere saman med for andre, for deg, for meg sjølv. Så eg kan bli den du skapte. Vekse i deg. Passe mjuk og passe fast. Eit lem på din lekam, korkje meir eller mindre. Kunne utføre mine oppgåver og hjelpe andre med deira. Kunne lide med dei som lir. Kunne gle meg med dei det går godt for. Falle til ro i det som er min plass. Du som er og skal bli. Alt i alle. Amen.

Skog