NRK Meny
Normal

Ål i Hallingdal

Inventaret skriv seg frå den gamle Ål stavkyrkje som vart riven i 1880. Det er altartavle, preikestol, delar av koret og lysekrone frå 1700-talet.

Ål kyrkje
Foto: Hallingdal kommune

Det blir gudsteneste i Ål kirke i Hallingdal i Buskerud. Det er 12. søndag etter pinse, og teksten står i Matt. 21, 28-31.

Preika er ved prost Øystein Magelssen, og ved orgelet sit kantor Audun Flaen. Tekstlesar er Magny Folkedal.

Salmane er henta frå Norsk salmebok: 575 Høyr kor kyrkjeklokka lokkar, 449 Ren og rettferdig, 548 Gud, la oss i din kunnskap fremmes, 682 Min Herre har kalt meg, 200 Jeg ser deg, O Guds Lam, å stå og 641 Jesus, din søte forening å smake.

Dette blir ei gudsteneste prega av folkemusikk frå Hallingsal. Og som preludium høyrer vi "Reiselått" frå Nes i Hallingdal og som postludium "Den nye dagen" - komponert av Jo Asgeir Lie.

På trekkspel høyrer vi Jo Asgeir Lie, Eiliv Gundersen spelar lur, bukkehorn og seljefløyte, Olav Luksengard Mjelva spelar fele og Gunnlaug Lien Myhr syng og spelar langeleik.

Høyr: Gudsteneste frå Ål kyrkje 03.08.08

Om Ål kyrkje
Kyrkja vart bygd i 1880, og restaurert og påbygd i 1959. Ho har til saman 450 sitjeplassar. Ein annan bygning på kyrkjegarden inneheld møtesal, kontor og andre lokale.

Inventaret skriv seg frå den gamle Ål stavkyrkje som vart riven i 1880. Det er altartavle som syner korsfestinga med Maria og Johannes til stades, preikestol frå 1703, delar av koret og lysekrone frå 1700-talet. Her finst også ein kopi av det kjente taket frå Ål stavkyrkje.

Døpefonten som er i bruk no, er i tre og vart laga i 1959. To eldre døpefontar frå 1859 og 1880, står i kyrkjemuseet i tårnet.

Kyrkja har eit barokkorgel frå 1996, levert av Kaliff og Løthmann, måla av Nils Ellingsgard.

Det er fire lysestakar på altaret. Dei to store er frå stavkyrkja. Dei to minste er kopiar og er laga i bronse.

Det er to kyrkjeklokker, og på den miste står "Kristus er oppstanden" og på den store "Ja, han er sanneleg oppstanden".

Opplysningane er henta frå Norsk kirkeleksikon.