Normal

Adventsmot

Ikkje ville du tala trøystande ord til menneske som ingen sorger hadde. Ikkje ville du gi framtidsmot til folk som hadde alt på det tørre og var såre nøgde med seg sjølve og verda, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Johs. 14,1-6.

God morgon!

Bror Jesus - i dag treng eg å snakke med deg om ei alvorleg adventsak. Ein gong samla du dine næraste vener rundt deg. Du såg dei beint i augene og sa i følgje evangelisten Johannes kap 14:

Lat ikkje hjarta dykkar uroast. Tru på Gud, og tru på meg!

Altså var deira hjarte uroleg, altså var dei redde og uvisse for framtida. Difor ber eg deg, bror Jesus. Gi meg eit ømt hjarte. Gi meg det eg treng no, kontakt med det urolege. I meg sjølv, i tida som er mi, i menneska som høyrer desse orda.

For visst trur eg at menneskehjartet er seg sjølv likt til alle tider. Og visst kan eg kjenne meg heilt samtidig med kyrkjefar Augustin i dei orda som snart er 1700 år gamle: Mitt hjarte er uroleg til det finn kvile hos deg.

Ikkje ville du tala trøystande ord til menneske som ingen sorger hadde. Ikkje ville du gi framtidsmot til folk som hadde alt på det tørre og var såre nøgde med seg sjølve og verda. Ikkje ville du oppmode til tru der det inga vantru var.

Så bror Jesus, opna opp denne adventsdagen for meg. Gi meg kontakt med det eg ikkje eig og ikkje veit, mine djupaste lengsler og sannaste behov. Gjer meg til eit levande, ventande menneske som du kan nå.

Ein gong samla du dine næraste rundt deg. Dei visste ingenting om dei hendingane vi kan lese om i det nye testamente, det som skulle bli kjerna i den kristne tru. Dei var berre redde for å misse deg. Du sa: ”Eg går bort og vil stelle til ein stad for dykk. Og når eg har gått bort og stelt til ein stad for dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går veit de vegen.”

Men eg, Geir, kjenner på alt eg ikkje veit og seier med Thomas: ”Herre vi veit ikkje kvar du går av. Korleis kan vi då vita vegen?” Og du svarar: ”Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utanom meg.”

Bror Jesus, eg ber deg: Gjer meg til eitt med alle dei som du er på veg til. Lat det skje, ein gong til, det som er din djupaste lengt, det store under at tru og tillit slår rot i eit menneskehjarte. At nokon som er redd og engsteleg kan finne eit nytt mål av kvile i deg og nok mot til å gå deg i møte.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Arve Moen Bergseth syngje Brorsons salme ”Mitt hjerte alltid vanker”.

Høyr andakten 17. desember 2007.