NRK Meny
Normal

Å tru er å vente

Å Gud for alle som ventar, vonar, lengter. Dra meg inn i Marias og Elisabeths song. Så eg kan smake og kjenne at ingenting er umogleg for deg, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Luk. 1, 39-56

God morgon!

Å vente på Gud er å eige Gud, seier Augustin. Å vente på Gud er å eige Gud.

Eg smakar på orda. Det er smaken av rein advent. Kjenn du og, smak og kjenn den djupe meining med denne tida i kyrkjeåret: Det er vona og lengten si tid. Det er tida for openberring, avsløring av hjartet i den kristne tru:

Vi når fram til Gud når vi vender oss mot han. når vi vonar på han, når vi lengtar etter han.

Sjå Maria og Elisabeth, sjå to kvinner som ventar, som ventar på Gud i det som ventar dei. Dei er slektningar. Elisabeth er den eldste, eigentleg for gamal til å føde. Maria er den yngste, eigentleg for ung til å føde. Men no ventar dei på Guds under saman. Maria har søkt opp til fjellbygdene der Elisabeth bor. Ho blir verande hos henne i tre månader står det i Lukas 1.

Sjå Maria og Elisabeth. Sjå dei sitte ved sida av kvarandre, to kvinner med barn i magen. Dei gjer kvardagslege ting ilag. Dei lagar mat. dei ordnar i huset, dei legg sine menneskeplanar for framtida.

Også syng dei sine songar til Gud i lag. Dei syng sine erfaringar ut. For dei veit at Gud har rørt ved dei, dei veit at alt er nåde og dei har oppdaga løyndommen i Gud, korleis han heile tida snur alt opp ned. Slikt blir det kraftig, kvinneleg song av.

”Mi sjel høglovar Herren,” syng Maria. ”Og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar. For han har sett til si ringe tenestkvinne. Frå no av skal alle ætter prise meg sæl, for store ting har han gjort mot meg, han den mektige, heilagt er hans namn.

Storverk gjorde han med sin sterke arm, han spreidde dei som bar på hovmodstankar, og støytte stormenn ned frå trona, men lyfte dei låge opp.

Han metta dei svoltne med gode gåver, men sendte dei rike tomhendte bort.”

Å Gud for alle som ventar, vonar, lengter. Dra meg inn i Marias og Elisabeths song. Så eg kan smake og kjenne at ingenting er umogleg for deg. At det heller aldri er for seint å vende seg mot deg og vente på deg.

Du som uavlatande snur alle ting så det kan bli rett, slik som du vil. I meg. I tilhøyrarane mine. I verda som vi bor i. I alt levande som sukker, ja stønner etter forløysing.

Amen.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Veronica Aslaksen syngje den gamle folketonen ”Maria går blant tornekratt”.

Høyr andakten 21. desember 2007.