I boka Markens grøde fortel Knut Hamsun om bonden Isak Sellanraa som med kjempekrefter ryddar seg ein gard i villmarka. Etterkvart har han hus og dyr og jamvel ei kone. Kvar kveld har Isak den skikken at han går ein tur på garden og tel dyra sine. Til sist kjem han til hesten. Isak har berre ein hest, men han tel hesten likevel.
Den store høvdingen Moses som vi høyrer om i Det gamle testamentet, ber i ein salme til Gud om at vi må læra å telja dagane våre så vi kan få visdom i hjarta. Det er å telja til ein!
Vi har denne eine dagen, i dag. Så mykje kan både vinnast og forspillast både for oss sjølve og andre på denne dagen. Eit fromt ord som stundom stod på vakre blomster-kort då eg var barn, lydde slik: Gårsdagen er forbi. Morgondagen har ingen sett. I dag hjelper Herren.
Den som har levd ei stund, kan sjå attende på mange dagar, han kan takka for dei, eller sørgja over dei. Den som lever, tenkjer også framover på dagane som kan koma. Somme ventar seg mange og lykkelege dagar, andre veit at dagane er få. Vi legg planar og har forventningar, eller vi gruar oss for dagane som kjem. Men ingen av oss kjenner dei. Men den som har visdom i hjarta, har lært å telja til ein.
Patriarken Abraham braut opp frå heimlandet sitt og gav seg ut på ei lang ferd mot eit land han var blitt lova, men aldri hadde sett. I årevis var han på vandring i ørken og framandt terreng og mellom ukjende folk.
Gud sa til Abraham at han skulle bli far til eit stort folk. Det var eit løfte så utanfor all fatte-evne. Abraham og kona hans, Sara, var gamle folk, omkring dei hundre, og dei var barnlause. Dei laut le begge to.
Ein kveld tala Gud til Abraham og sa: Tel stjernene på himmelen om du kan, og sandkorna på havsens strand! Så tallaus skal ætta di verta. Abraham var eit ørkenmenneske, og han visste så mykje både om stjerner og sand at han skjøna det ikkje kunne nytta å gi seg i kast med ei slik teljeoppgåve. Men Guds løfte om velsigning over Abraham og hans ætt, vart innfridd!
Å telja Herrens velsigningar er som å telja stjerner og sandkorn, - det er å telja mot uendeleg. I dag kan vi telja til ein og takka for dei muligheiter denne dagen gir oss. Og vi kan telja mot uendeleg og takka for alle dei goder og gleder som har blitt oss til del.
Den som i dag får stå under stjernene med hendene fulle av sand, kan få kjenna at han er rik!
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi hører Carola i salmen "Jag kan icke räkna dem alla".