Teksten er henta frå Salme 89, 1-7.
God morgon!
Det er ein glad songar som stemmer i dagens strofe frå Salme 89:
Eg vil alltid syngja om dei gjerningar som Herren i sin nåde har gjort. Eg vil forkynne din truskap frå ætt til ætt.
Vil eg gi mi stemme til denne songen? Vil du? Kan du denne morgonen? Eller leitar di sjel etter heilt andre ord og uttrykk for det som er verkeleg no, inni deg, utanfor deg?
Det er mange av oss som er glade for at Salmeboka frå det Gamle Testamente har 150 nummer. Å synge seg gjennom dei er å synge seg inn i heile registeret av menneskelege kjensler og erfaringar, og gjere det framfor Gud. Difor har den kristne kyrkja gjort denne salmeskatten til kjerna i tidebønene, bønene for alle dagens tider og alle tider i menneskelivet.
Ville det nett no ha vore meir passande med denne strofa frå Salme 140?
Fri meg frå vonde menneske, Herre. Vern meg mot menn som gjer vald.
Elle kanskje Salme 142: Det finst ikkje utveg meir, ingen bryr seg om meg. Akta på mitt klagerop, for eg er liten hjelpelaus.
Eller kunne du samle dagens smak av livet i Salme 143: Mi ånd er utan kraft. Mitt hjarta stivnar i brystet.
Eller stemmar det beint fram med den trygge, bestemte lovsongen i dagens tekstord:
Eg vil alltid syngja om dei gjerningar som Herren i sin nåde har gjort.
Det får vere som det vere vil med kva som høver. Eg er glad for alle Davids salmar, og eg forstår at eg ikkje treng å løyne nokon kjensler for Gud. Men eg er også glad for nokon har valgt dagens tekst for meg. Så eg kan la meg tiltale av den same kva hjartet mitt seier.
Og no forstår eg at det verkeleg er mogleg alltid å synge om dei gjerningar som Herren sin nåde har gjort. Det går an å synge seg til mot, å synge takken fram. Og stig ikkje hjartet i takt med musikken, så går det an å synge songen likevel, legge seg inn i den, bli omfamna av den.
Eg kan vere motlaus, og det er fint det som står i Salme 142:
"Når mi ånd er kraftlaus, veit du korleis det står til med meg Herre". Men på dagen i dag forstår eg at Gud aldri tek motet frå folk. At motløysa si ånd ikkje kjem frå han. At Han ikkje vil ha meg nede. At Han elskar å reise meg opp og sjå meg oppreist. Eg blir reint glad ved tanken.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi hører Nordstrand kirkekor i "La hyllingsrop lyde for Herren", tonesatt av Svein Møller.