(NB! I denne andakten fortel Vigids Berland Øystese blant anna om lysa i fyrlyktene. Vi gjer merksam på at ho blandar dei ulike karateristikkane, slik at det ho seier om dei, ikkje er rett. Kvit sektor er trygg, grøn sektor er like farleg som raud.)
Paulus sitt brev til kyrkjelyden i Efesus, 4,17-28:
Det var natt på havet og det bles. Sjøsprøyten stod over båten. Vi var på veg til den vesle øya Anholt midt i Kattegat ombord i ein førti fots havseglar. Kart og GPS, djupnemålar og vindmålar, alt verka som det skulle, og båten var bygd for langt tøffare forhold enn desse. Men vi var spente likevel.
Det galdt å finna fram til ei lita øy midt i havet i mørke og ruskevêr, og å finna inn på hamna gjennom den eine, vesle opninga som var; utan å stikka den djupe kjølen vår fast i sanden på dei mange grunnane, eller slå han sund på ein stein. Difor stirde vi spente ut i mørket. Danske øyar ruvar ikkje akkurat over havflata. Du kan fort segla forbi ei dansk øy i mørket dersom ho ikkje er utstyrt med lys.
Men det var det viktigaste haldepunktet vårt: Fyrlyset. På eit sjøkart er alle fyr merkte av med ulike sektorar. Der er raude sektorar der du ikkje kan ta fartøyet ditt trygt inn. Der er det farlege grunnar og båar. Så er det kvite sektorar der ein nok kan ferdast forsiktig, men ikkje i allslags ver og ikkje med allslags båtar. Og så er det grøne sektorar som slepper deg trygt til lands.
Hamna på Anholt hadde eit trangt innløp, rundt Anholt fyr var det store raude og kvite sektorar, og berre eit lite, smalt grønt innsmett. Vi var glade då vi fekk auga på fyrlyset i mørket. Vi fekk raude blinkar, blanke blinkar, og så, grønt blink! Då var det å stå beint inn, smetta gjennom passasjen og gli inn i ei hamn med glatt vatn og ein skog av mastrar.
Denne natta hadde eg ei sterk oppleving av kva eit fyrlys er for noko. Det vart nesten som ei lita preike om å vera på reise gjennom livet og ha bruk for trygge haldepunkt og vegvisarar for å nå målet.
Livet vert stundom samanlikna med ein seglas. Vi seglar i storm og stille, i solskin og i mørke. Vi freistar navigera så godt vi kan, men det er vanskeleg å finna leia mange gonger.
Bibelteksten i Efesarbrevet kapittel 4 seier noko om korleis Gud vil vi skal leva:
”De må fornyast i sjel og sinn og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga”. Teksten formanar til å leggja bort løgna og uærlegdomen, og ikkje samla på sinne; han formanar til å arbeida og gjera nytte så ein har noko å gi bort til dei som treng det.
Guds råd og forskrifter er som fyrlys i mørket. Der er raude sektorar der vi ikkje skal ferdast. Der er kvite sektorar med freistingar, og moglegheit for grunnstøyting og havari. Der er lys for stor fare og for risikosoner; der er raude blinkar og blanke blinkar. Men viktigast av alt er det å finna den grøne sektoren; det er berre den som bergar deg. Det finst ei trygg lei til hamn, det finst ei grøn lykt for urolege hjarte i rom sjø. Det er tent lys i Guds ord, grønt lys for frelse og fred.
* * * *
Vi høyrer Sølvi Hopland som sang ”Jeg er en seiler”.