Å liggje i Guds famn

Kva er du redd for? Når føler du, kjenner du deg i fare? Kva med å leggje det inn i Guds famn, spør Kari Veiteberg.

Kari Veiteberg
Foto: Privat.

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

God morgon! Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva: Vær modig og strerk.

Ord å ta med seg i dag lyder sånn: ”Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.”

Gode ord, vernande ord. Gud står fram som ein kan søke tilflukt i. Gud er barmhjertig, miskunnsam, beskyttande, vernande.

Kva er du redd for? Når føler du, kjenner du deg i fare? Kunstnaren Marit Benthe Norheim spurde barn og unge frå 3-16 år dette spørsmålet. Dei kunne velge å halde svaret og tankane om det heilt for seg sjølv, men dei blei bedt om å lage kvar sin figur for dette.

For nokon har det farlegaste vore reiser på havet, eller i lufta. For andre er det å gå på skule noko ein er redd for. Nokon opplever det å vere heime som det verste.

Drar du til Danmark ein gong vil eg anbefale deg å ta turen til Sæby, på toppen av Jylland. Her står ho nemleg, den nesten seks og en halv meter høge, dobbeltsidige skulpturen "Fruen fra Havet" og ser utover havna og den store verda.

Marit Benthe Norheim som har laga henne er mellom anna inspirert av Maria Jesu mor. Der står ho, oppreist og beskyttar menneska under kappa si. 915 personlige historiar er smidd inn i Frua frå havet. Born og unge har utarbeida sine eigne beskyttelsessymbol i leire, som er pressa ned i sandformer og støypte i glas. Bilda deira er blitt alt frå våpen til portrett av foreldre, store søsken, bamsar, mobiltelefonar.

Kva er du redd for? Når føler du, kjenner du deg i fare? Kva med å leggje det inn i Guds famn. Eg blir så glad for at Vår frue fins i Sæby. Som tek på alvor redsla, og ropa etter vern.

Maria med den store kappa uttrykkjer ro og vern.

”Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet!” Eg legg det eg redd for i Guds famn. Enno ein gong kjem det: ”Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet!”

Skriv til Kari Veiteberg her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * ** * * *

Vi høyrer Marianne Juvik Sæbø syngje "I stilla og med tillit".

Andakt torsdag 19/10.