Teksten er henta frå Salme 51, 1-15.
Å krypa for nokon er ikkje noko særleg. I gamle dagar måtte folk flest stå med hua i handa når personar av høgare rang gjekk forbi. Frå skuletida hugsar eg ein gymlærar med fortid i militæret: "Ti stille når du snakker til meg, gutt!", var ei salve som han skulle ha sagt. Me fann det litt komisk, at nokon kunne tru dei hadde slik ein autoritet i fohold til andre.
Me bør vel vera så vaksne at me kan innrømma feil. Men å leggja seg flat for kven som helst eller kva som helst, det er ingen god ting.
Det finst unntak. På ein fottur godt over skoggrensa, gjekk eg langs eit kilometerlangt fjellvatn. Isen dekte ennå det aller meste av vatnet. Berre eit par meter innmed land var isfritt. Eg steig på store, gode steinar, og måtte sjå godt kvar eg sette foten. Plutseleg var det eit veldig plask, berre 3-4 meter framføre meg. Ein ung elgokse sto med framføtene uti vatnet og drakk. Der sto me, begge like overgitte.
Har du nokon gong stått innunder ein elg, veit du kor svær han er. Kva skulle eg gjera? Alt som likna skog var halvmeterhøgt vierkratt. I lia oppover frå vatnet ville den langbeinte elgen ta meg igjen på tre steg. Å prøva å komma ut på roten juli-is var ingen lokkande tanke. Eg var sjanselaus. Alt var opp til elgen. Ein rapp med forbeinet, så kunne elgen gjort det av med meg.
Kva eg gjorde? Ein tanke datt ned i hovudet mitt: Han lar meg kanskje gå, om eg viser at eg er mindre enn han. Eg fall på kne, og gjorde meg så liten eg berre kunne. Elgen såg dumt ned på meg, og lunta vekk.
Å bøya seg for likemenn, er ikkje noko særleg. Men å akseptera sin overmann, det er noko anna.
Gud er ikkje min like. Var han det, kvifor skulle eg då bry meg med han?
Men er han heilag, er han den allmektige, så blir det rett at eg stadfestar det. Difor begynner ei vanleg gudsteneste med "lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre". Eller som det står i Davidssalme 51: "Ver meg nådig, Gud, i din truskap."
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Oslo Gopsel Choir og deira versjon av Olaf Hillestad sin salme "Store Gud vi lover deg".