Hopp til innhold

Å kle seg i kjærleik

– Eg kan visst berre innrømme det: Eg er forfengeleg!

Klesplagg
Foto: Colourbox.no

Eg er glad i det som er vakkert. Eg kjenner glede over eit pent stykke tøy. Det gjer noko med meg å ha mellom hendene eit plagg som er elegant og fint laga. Ein engelskmann sa ein gong om meg på litt gebrokkent norsk: Ragnhild er alltid godt kledd.

Men det er noko som er enda vakrare å kle seg i enn kostbare stoff og plagg med elegant snitt. I dag er det apostelen Paulus som seier kva vi skal bære på kroppen: Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen.

Å kle seg i kjærleik – det må vere det mest kostbare plagget ein kan bære! Det gjer oss ikkje til supermodellar, men til vakre menneske som gjev noko til dei vi er saman med. Å kle seg i kjærleik må bety å utstråle godhet og verdighet. Det bind oss saman med dei vi møter. Det gjer oss oppreiste og stolte, på ein god måte!

I ein av dei nye dåpssalmane vi syng i kyrkja heiter det om barna som vert bore til dåpen at dei er svøpt i Guds kjærleik. Slik får dei del i Guds rike. Ikkje fordi dei er flinke. Ikkje fordi dei har gjort seg verdige til alt vi måtte syne er viktig og fortenestefullt. Men fordi dei er bore inn i Guds hus av kjærlege hender; i dåpskjolar som er kvite og altfor store. Plagg med lange tradisjonar attom seg. Eller plagg som skal skape nye tradisjonar. Men før barna har kome fram til døypefonten, er dei allereie omslutta av det vakraste av alt: Guds kjærleik. Det er ein kjærleik som alltid vil vere der. Uansett kva som hender oss seinare i livet.

Guds kjærleik er det vi også skal kle oss med. Det var Jesus som viste oss den kjærleiken først. Sjølv gjekk han kledd i ein enkel kjortel og sandalar. Det var ikkje det ytre og prangande han ville vise oss. Men det var kjærleiken og det venlege blikket han møtte alle menneske med. Som gjorde at dei kjende seg vakre og verdifulle, dei som trudde at dei ikkje var verd noko.

Kled dykk i kjærleik! Som Guds skapningar avspeglar vi skjønnhet og verdighet. Er ikkje det det vakraste vi kan vise oss sjølv og kvarandre?

Ragnhild Jepsen

Skog