Hopp til innhold

Å kjenna Guds vilje

Profetane kjende Guds vilje. Dei gav råd om kva folket skulle gjera og kom med bodskap direkte frå Gud, både alvorsord og trøystande tale, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Jes. 55, 8-13.

Mange flittige Bibellesarar strekar under delar av teksten som dei finn særleg oppbyggelege. Velbrukte biblar kan sjå ut som reine fargekart. Somme stader er det kanskje notert ein dato i margen. Bibelordet verkar aktuelt for mange lesarar, endå det er tusenvis av år gammalt.

Bibelteksten som er sett opp for denne dagen, er nettopp ein slik tekst med understrekingar og fargar, vakre ord som har gitt meining til stadig nye menneske på tvers av store tidsspenn.Vi skal ta oss tid til å lytta til orda. Men aller først ein kort presentasjon av profeten som har ordet i Jesaja-boka i Det gamle testamentet der teksten står, og den tida og dei forholda bodskapen første gongen vart tala inn i.

Profetane hadde mykje å seia i Israelsfolkets åndelege liv. Dei hadde kunnskap om Guds vilje; dei fekk kjennskap til framtida og kunne gi råd om kva folket skulle gjera. Profeten bar fram bodskap direkte frå Gud, både alvorsord og trøystande tale.

Profeten talar i Jesaja 55 til eit folk i eksil, eit folk som bur som fangar i eit framandt land, Babylonia, eit folk som lengtar heim og som har fått lovnad om at dei skal få venda tilbake og byggja opp att Jerusalem.

Profeten formanar dei og ber den gudlause om å snu om frå sin veg og venda seg til Herren som er rik på miskunn og tilgjeving. ”Søk Herren medan han er å finna”, seier profeten, ”kall på han den stund han er nær!” Formaninga vert følgt av vise og trøystande ord frå Gud, formidla gjennom profeten. Gud talar om tankane sine og ordet sitt, og han lar folket få ein gløtt inn i den framtida dei drøymer om, som ein dag skal bli røyndom:

For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren.

Nei, så høg som himmelen er over jorda, så er mine vegar høgare enn dykkar vegar og mine tankar høgare enn dykkar tankar.

Liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft og grøde, ja, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn.

Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til. Ja, med glede skal de dra ut og førast lukkeleg fram.

Fjell og haugar skal møta dykk med jubelrop, og alle tre på marka skal klappa i hendene. I staden for klunger skal det veksa sypressar, og myrt i staden for nesler.

Det skal vera til ære for Herren, eit evig teikn som aldri skal strykast ut.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Nidarosdomens Jentekor syngje ”Gloria in excelsis”, komponert av Antonio Vivaldi.

Andakt 13.11.08 ved Vigdis B. Øystese

Skog