NRK Meny
Normal

Å halda Guds Ord for sant

Korleis kan vi halda Guds ord for sant når vi ikkje handlar i samsvar med det? Gud vil at vi følgjer hans bod og føresegner, seier Vigids Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Jak. 1, 19-26.

Det er ikkje alle som har vore så begeistra for brevet frå apostelen Jakob i Det nye testamentet. Sjølvaste reformatoren Martin Luther var skeptisk til om Jakobs brev hadde noko i Bibelen å gjera i det heile.

Det kan jo verka som Jakob, motseier Paulus på eit vesentlege punkt, nemleg når det gjeld kva plass gjerningane har i forhold til trua. ”For av nåde er de frelste ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv” (Ef. 2, 8-9), seier Paulus.

Å bli eit Guds barn er ei gåve, gitt utan vilkår til allslags menneske, også dei som manglar godvilje i andres og eigne auge. Og godt er det; at heile frelsa kjem i ein pakke, og ikkje som eit byggjesett som vi skal skru ihop sjølve til det står så nokonlunde.

Men så kjem Jakob og talar om gjerningane som skal følgja trua, og vitna om at det er ei levande tru. Og han har jo eit poeng der, Jakob. At det er ikkje likesælt korleis vi lever. For kva hjelper det, for andre enn oss sjølve, å ha ei tru til indre bruk berre, noko for tanken og kjenslene, og ikkje noko for praktisk kvardag.

Korleis kan vi seia at vi held Guds ord for sant og rett, og samstundes oppføra oss som det aldri var nedskrive? Gud vil at vi følgjer hans bod og føresegner. Jesus er vårt føredøme i å leva reint og kjærleg mellom menneska. Men vi skal ikkje gjera dette for å bli frelste, men for å fremma det gode blant oss, og æra Gud.

”Den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning”, seier Jakob. ”Fridomens fullkomne lov”; det lyder både poetisk og motsetnadsfullt. Lov og fridom. Men det er jo slik i praksis òg, at lova tryggjer fridomen. Den som bryt lova, misser fridomen. Så enkelt og så vanskeleg er det. Guds lov er der ikkje for å binda oss, men for å skapa fridom, tryggleik og godleik.

Og Jakob er streng når han kjem med formaningane sine:

”Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Ellers lurer de dykk sjølve”.

Vi kan henta eit godt motto for dagen hjå Jakob: Snar til å høyra, sein til å tala og sein til å bli sint! Og om dagen viser oss at vi ikkje greier det, kan vi få leggja det frå oss hjå Gud alt saman, og byrja på nytt.

Vi treng dei nok begge, både Paulus og Jakob; både ordet om nåden, og påminninga om å leva etter Ordet. Vi vinn ikkje Gud ved gjerningane, vi vinn ikkje frelse ved gjerningane, men vi kan vinna menneske.

Det ligg fridom i lova, det ligg tryggleik i nåden.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Hilde Svela syngje ”Se, nådens gåte”.

Høyr andakten 2. februar.