Hopp til innhold

Å forvalta skaparverket

Bibelen lærer at Gud skapte ei fullkomen jord. Gud sette menneska der for at dei skulle forvalta naturen og ta han i eige, fortel Vigdis Berland Øystese.

 

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Openberringa 21, 1-4:

Eg har ein kollega som ein gong skreiv i kyrkjebladet om Guds nyskaping av jorda. Han nemnde då fleire område i heimkommunen som Gud ikkje trong ta seg bryet med å danna på nytt; dei var så fullkomne i utgangspunktet at dei kunne forbli som dei var.

Vi veit kanskje om fleire slike stader, og vi er heldige som lever i eit land der vakre naturperler og gode miljø ligg på rad.

Samtidig veit vi at denne jorda vår sukkar under byrda av overforbruk og tilsøling; ho har sår etter krig og brann, etter mishandling og fattigdom. Mange stader må orda om ei nyskapt jord kjennast som mjukt regn på svidd mark; dei må gi håp om framtid, om fornying og vekst.

Bibelen lærer at Gud skapte jorda, og at ho var fullkomen. Han fortel også at Gud sette menneska der for at dei skulle forvalta naturen og ta han i eige. Gud ville at menneska skulle leva i skapardraumen hans, og at alt skulle halda fram med å vera godt.

Slik gjekk det ikkje. Menneska har bidratt til store skader på skaparverket. Og dei har øydelagt for kvarandre slik at freden er bytt med ufred og tryggleiken med urett.

Difor vil Gud skapa ei ny jord og ein ny himmel der ikkje noko vondt skal få øydeleggja det fullkomne. Dei menneske Gud alt har gitt liv, er inviterte til å bu på den nyskapte jorda.

Korleis skal ein så tenkja seg noko som er fullkome godt og utan manglar?

Johannes, Jesu disippel, skildrar sitt syn av det nyskapte, i Johannes openberring. Han listar opp noko av det vi fryktar mest og lir mest under, og slår fast at det ikkje skal finnast meir. Også havet skal bort, fordi havet står for fare og ulukke. Dette skriv Johannes i openberringsboka kap. 21:

Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå trona høyrde eg ei høg røyst som sa:

Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei.

Han skal vera deira Gud. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.

For det som ein gong var, er borte.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Bjørn Aslaksen syngje ”Alle ting nye”.

Andakt mandag 2/10.

Skog