Hopp til innhold

Å finna rette ord

Våre menneskelege erfaringar kan me ganske godt setja ord på, iallfall om me får plussa på med mimikk og armar. Verre kan der vera med åndelege ting, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Jes 52, 15.

Me har ikkje ord for alt. Bilde er gode å triva til då, for å forklara. Men bilde kan fort bli feil, dei og. Det er ein ganske utbreidd sport i dette landet å finna feil i avisene. Trykkfeila er ein ting. Minst like kjekt er det å avsløra journalistar som blandar uttrykk, slik at det blir feil. ”Passar som fot i hanske”, for eksempel. Det er mykje å ta av, og det kjem stadig nye eksempel på korleis det ikkje skal gjerast.

Kva gjer me når Bibelen har slike feil? Eg stussa då eg las slutten av kapittel 52 i Jesaja. ”Dei får sjå slikt som aldri vart sagt dei”, står det der. ”Uhøyrde ting vert dei vitne til”.

Å sjå det ein ikkje har høyrt – kva er dette?

Eg tolkar det som eit menneskeleg forsøk på å skildra noko som dei ikkje hadde ord for. Våre menneskelege erfaringar kan me ganske godt setja ord på, iallfall om me får plussa på med mimikk og armar. Me tar utgangspunkt i at andre menneske har vore borti liknande erfaringar som me sjølv, og satsar på at om dei ikkje forstår nøyaktig det same som me vil seia, så iallfall noko i same retning.

Med Gud er det noko anna. Me kan visst formulera våre tankar om han, nokon har erfaringar som dei knyter til Gud. Men det meste om Gud veit me ikkje. Kan me ikkje vita.

I Jesajaboka står det om ein lidande tenar som skal komma. Kyrkja har alltid lese dette avsnittet som ord om Kristus. ” Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred”.

Ennå er dette det uhørte. Når menneske skal nærma seg Guds-mysteriet, så har dei til alle tider brukt meir enn tankar, ord og gjerningar. I undring og age har det sett på det det ikkje finst ord for. Nokon gonger er det rettast slik.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Oslo Gospel Choir syngje ”Hellig, hellig, hellig”.

Høyr andakten 1. februar 2008

Skog