Hopp til innhold

Å finna meining

Det er vanskeleg å finna faste haldepunkt å orientera seg etter. Men Jesus er den som samlar fragmenta og gir livet meining, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Openb. 1, 4-8.

”Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud”.

Diskokuler var det store på 1980-talet. Ein del av dei har overlevd lenger og. Rundt og rundt i taket sviv ein ball pålimt massevis av små speglbitar. Når lyset, kanskje til og med i fleire fargar, treffer dei mange plane flatane, blir strålene reflekterte rundt i rommet, slik at det blir eit visuelt fossefall – for ikkje å seia lysfontene.

Ser du deg i ein spegel, ser du deg sjølv, berre at venstre er blitt høgre og omvendt. Du får eit overblikk, får med heilskapen av deg sjølv på ein annan måte enn utan spegel. Du får til og med møta ditt eige blikk.

Diskokula er ikkje ein spegel, men fragment, smådeler av spegelglas. Det bitane speglar kvar for seg er sanne utsnitt av det som er rundt. Men du blir ikkje klokare av så sjå i dei. Tvert imot. Du kan bli ganske forvirra. Samanhengar forsvinn. Meining blir borte. Sansane våre finn ikkje faste haldepunkt å orientera seg etter.

Så er kanskje diskokula eit uttrykk for kor me hamna i løpet av 80-talet – og kanskje er ennå. Me veit der er ei lyskjelde. Men me ser ikkje lyset.

Sett lyset - . Eg veit knapt om me kan bruka det uttrykket lenger, utan at me er ironiske. Me veit så mykje og har levd så lenge og har såpass erfaring på baken at me har det langt under huda, at Lyset med stor L, det sprekk som trolla i møte med dagen. Litt trist, kanskje, men slik er det. Trur me.

Det er denne kunnskapen Bibelen utfordrar. Insisterer på der er samanhengar. Der finst noko som samlar alt som sprikar for oss. ”Eg er Alfa og Omega”. Første og siste bokstaven i alfabetet. Der er eit lys, som gjer at alle fragmenta som kvar for seg forvirrar, kan få meining, gje heilskap. Og Kristus er Lyset.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Martin Alfsen med kor og orkester og solisten Marianne F. Bondevik syngje ”O store Gud, når jeg i undring aner”.

Høyr andakten 29. januar 2008

Skog