NRK Meny
Normal

Å eiga ein Bibel

Mange fattige og undertrykte kristne rundtom i verda ønskjer seg ein Bibel. Men mange stader er det ein risiko å ha ei slik bok hjå seg, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå 1. Kol. 1, 24-29.

10. november er Martin Luthers fødselsdag. Luther blir hugsa for mykje, både godt og gale, som dei seier. Han var eit stort menneske som sette varige spor etter seg. Noko av det viktigaste han gjorde, var knytt til Guds ord. Medan Luther sat i skjul som fange på borga Wartburg, byrja han omsetja Bibelen til morsmålet sitt, tysk.

Dei fleste eldre biblane var på latin, berre dei lærde kunne lesa dét, og berre dei rike hadde tilgang til dei kostbare, handskrivne bøkene. Luther meinte at alminnelege og ulærde menneske også skulle kunna lesa bibelteksten. Den Heilage Ande ville hjelpa dei med å forstå ordet, dersom dei bad han om det.

Luthers tyske bibelomsetjing fekk stor verdi både språkleg og fordi det var Ordet frå Gud. Trykkekunsten gjorde bøkene billegare, og fleire lærte å lesa.

No kan folk få kjøpt ein Bibel nærast overalt, og han blir stadig omsett til nye språk, og han kjem i ny språkdrakt i land som har hatt bibelen på morsmålet i hundrevis av år. Slik er det også i vårt land, Det nye testamentet kom i ny omsetjing blant anna i 2005, og no pågår arbeidet med Det gamle testamentet. For mange fattige og undertrykte kristne rundtom i verda, er det å eiga ein Bibel, eller ein del av ein Bibel, det største ønsket dei har. Men framleis er det mange stader ein risiko å ha ei slik bok hjå seg.

Teksten for denne dagen er henta frå brevet Paulus skreiv til kolossarane medan han sat i fangenskap. Der seier han at han gler seg over det han må lida, fordi han lir for Kristi kropp som er kyrkja. Det verkar kanskje framandt for mange av oss å lida for trua si skuld; men for mange kristne er det diverre aktuelt. Den store kyrkjekroppen er ikkje utan smerte.

Og Kristus er med i denne smerta og lir med sine. Men Paulus veit at den smerta han må tola, er fordi han har fått eit heilagt oppdrag som ikkje kan stoppast. Gud gav han oppgåva ”å fullføra tenesta med Guds ord, det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage”.

Å forkynna Guds ord var Paulus sitt oppdrag. Det var også dei andre apostlane sitt oppdrag; det var det oppdraget som var gitt til alle Jesu etterfølgjarar gjennom alle tider; det var også Luthers oppdrag, og det er oppdraget til alle som omset og formidlar Bibelen til stadig nye menneske i nye tider og på nye stader.

Paulus seier til kolossarane: ”Gud ville forkynna for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen! Det er han vi forkynner.”

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi hører Oslo Domkor synge Martin Luthers salme ”Vår Gud han er så fast en borg”.

Andakt 10.11.08 ved Vigdis B. Øystese