Teksten er henta frå Ordspr. 5,11-14.
Vi er mange, katolikkar, protestantar og folk med andre merkelapper, som har følgt pave Johannes Paul sin veg gjennom veikskap, sjukdom, liding til døden. Vi har følgt den med slik undring og interesse – fordi djupe eksistensielle spørsmål reiser seg frå pavens eksempel. Og eg trur at det heller ikkje berre er katolikkar som ser ein parallell mellom pavens veg, min eigen veg og Meisterens veg, Jesu veg.
For nokre år sidan vart paven spurt om han tenkte på å trekke seg. Ifølgje bladet Newsweek skal han ha svara med eit motspørsmål: Gjekk Jesus ned frå korset? Med andre ord: Jesu ja til korset og våre ja til livsens kors høyrer saman til kjerna i kristen tru og kristen praksis.
Til den same kjerna høyrer det som kjem no. Kom og sjå eit merkeleg syn og høyr ein sår gråt! Det er Sjåaren Johannes sitt syn i Johannes Openberring kapitel 4 og 5. Han får sjå ei opna dør inn til himmelen og høyre ei røyst som inviterer han helt inn. Og Anden kjem over han, og kva får han sjå?
Han får sjå ein kongstol og ein som sit på kongestolen. Han får sjå fire levande vesen, rundt kongstolen og tjuefire stolar for dei tjuefire eldste. Han får sjå vidunderlege former og fargar og substansar – og høyre vidunderleg song. Då oppdagar han bokrullen i høgre handa til han som sit på kongestolen, bokrullen lukka med sju segl. Ein engel ropar med høg røyst: Kven er verdig til å opne boka og bryta segla på henne? Dei finn ingen: korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda finn dei nokon som er verdig. Då høyrest ein ny lyd.
Lyden som høyrest kjem frå Sjåaren, det vesle mennesket rykt inn i himmelen av Anden. "Då gret eg sårt – fordi ingen vart funnen verdig til å opne boka eller sjå i henne".
Høyr Johannes sin gråt. Det er mennesket sin gråt. Det er dine og mine tårer, og tårene til alle menneske til alle tider, som gret over vår tilstand, vår lagnad, vår ufridom. Ein av dei eldste høyrer gråten, høyrer og ser kor den kjem frå – og no byrjar trøysten: Gråt ikkje Johannes, gråt ikkje menneske! For ein er verdig, løva av Judas ætt, han har sigra og han kan opne boka med sju segl.
"Då såg eg eit lam. Og lammet såg ut som det var slakta – og nærare kjerna i den kristne tru kjem vi ikkje. For himmelens siger over vondskap og skuld og menneska si frigjering, kjem ikkje beinvegs frå trona. Den tar den forferdelege omvegen om korset, om lammet som let seg slakte.
Men så stilnar også sjåaren Johannes sin gråt. No blir han dregen inn i ein vidunderleg vekselsong, den som blir sunge i kvar einaste kristen nattverdfeiring, den som har plass for alle menneske, den vi kan legge vårt liv inn i om vi vil – pave, prest eller kva vi måtte være:
Verdig er Lammet, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære, pris og takk.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Pastor Wang Quintet framføre sin tolkning av salmen "Deg være ære".