Hopp til innhold

«Kva skal vi gjere med Jesus?»

Geir Gundersen nytter inngangen til påskeveka til å spørje seg dette i vekas siste morgonandakt.

Jesus bærer korset (av El Greco)
Foto: Wikipedia

God morgon!

Kva skal vi gjere med denne mannen, kva skal vi gjere med Jesus? Slik spør Rådet, det øvste religiøse maktorganet på Jesu tid – i dagens tekst frå Johannesevangeliet kap. 11.

Kva skal vi gjere med Jesus? Det er eit godt spørsmål. Eg avsluttar gjerne denne andaktveka med det spørsmålet. Ved inngangen til påskeveka, hjartet i den kristne årskalenderen.

Rådet visste ikkje kva dei skulle gjere med Jesus. ”Denne mannen gjer mange teikn. Let vi han halde fram såleis, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.” Men alle råd har sin sjef og han visste råd. Høyr Øvstepresten Kaifas: De skjønar ingenting. De tenkjer ikkje på at det er bedre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne.” Det skal vi gjere med Jesus. Vi skal ta livet av ham. Med den beste av alle grunngjevingar, den same som blir brukt for å forsvare tyrannmordet: Jesus skal misse livet før han får forført og øydelagt heile folket.

På dette punktet kan ikkje forteljaren Johannes anna enn å bryte inn, nærast i sang. Kaifas er ikkje berre øvsteprest, han er i si blinde maktfullkommenheit også profet: Jesus skulle døy for folket, ja han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle og samla til eitt dei Guds born som er spreidde i kring.

Eg høyrer som eit ekko, sangen til det svarte Amerika medan dei enno ber slavelekkjene. ”He’s got the whole world in his hands.” Det er ikkje slik i denne verda at Vondskapen skal sigre. For verda er Guds verd. Makta kan herje som den vil berre ei stund. Øvstepresten Kaifas er dømd til å bli eit reiskap i Guds hand. Han blir fanga av Gud i sine vonde planar og må lydig bøye seg inn under Guds gode plan.

He’s got the whole world in his hands. Den djupaste sanninga om verda er ikkje at her kjempar alle mot alle. Trua påstår at Vondskapen er overvunnen ein gong for alle. Ikkje berre i prinsippet, men i røynda. På ein høgst jordisk avrettingsplass med namnet Golgata.

Eg kjenner det i kroppen kvar gong eg forrettar gudsteneste som prest. Det er eit høgdepunkt når vi kjem til nattverdliturgien. Først syng vi saman: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, all jorda er full av hans herlegdom. Så får eg som liturg bryte ut i lovsang på vegne, ikkje berre av dei truande, men alt levande:

DEG VERE ÆRE FOR KJÆRLEIKEN SOM ER STERKARE ENN DØDEN. Kva skal vi gjere med Jesus? He’s got the whole wide world, he’s got you and me – in his hands. Amen.

Skog