Marte Iren Noreng Trøen t v og Kathrine Nygård holder hus ved NRK Sogn og Fjordane som praktikanter.

Marte Iren Noreng Trøen (t.v.) og Kathrine Nygård hadde praksis i NRK Sogn og Fjordane. Slik praksis skal sikre NRK fleire journalistar med nynorsk som målform.

Foto: NRK

Eit språkleg fyrtårn

NRK har som ambisjon å utmerke seg ved tydeleg og korrekt språk.

SPRÅK: I 2016 har det vore arbeidd vidare med å sikre eit godt, lett tilgjengeleg skriftspråk på NRK.no. Samstundes har arbeidet med ein plan for å styrke nynorskdelen i NRK kome godt i gang. I tillegg kjem mange små og store tiltak for å betre språket i kvar redaksjon.

I ein kommersiell kvardag der utanlandske aktørar spelar ei stadig større rolle, er det viktigare enn nokon gong at NRK er eit språkleg fyrtårn. Godt språk skapar tillit og tiltru, og det vil bli viktigare i åra som kjem. Med den tilliten og det nedslagsfeltet vi har, spelar NRK ei særs viktig rolle i språkkvardagen til folk i Noreg.

Silje, Ronny og Markus fra P3Morgen får Kringkastingsjefens språkpris

SPRÅKPRIS 2016: «P3morgen» ved Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby fekk Kringkastingssjefens språkpris for 2016.

Foto: Silje Rønning Kampesæter

Godt skriftspråk

Fleire NRK-medarbeidarar enn tidlegare er skrivande journalistar. Det stiller nye krav til språkleg tryggleik og til rettskriving.

Gode retteprogram og gode daglege rutinar der vaktsjef går gjennom språket saman med reporter, er blant tiltaka som skal sikre eit godt skriftspråk. I 2016 tok vi i bruk eit nytt
eigenutvikla evalueringsverktøy, Janus, der kollegaer på ein enkel, nettbasert måte kan evaluere innhald, mellom anna på språklege verkemiddel.

Thor Gjermund Eriksen og Ole Rolfsrud med NRKs språkpris 2015

SPRÅKPRIS 2015: Ole Rolfsrud frå NRK Sport fekk Kringkastingsjefens språkpris for 2015. Han fekk prisen for sitt rike og varierte språk, og fordi han alltid gjev det vesle ekstra som skal til for at publikum skal få ei god oppleving.

Foto: NRK

NRK ønskjer å få ein eins praksis for korleis vi skriv tal, teikn, forkortingar, namn mm. Ei arbeidsgruppe har komme med eit forslag som blir lagt i ei søkbar ordliste, lett tilgjengeleg for alle som skriv i NRK.

Laster Instagram-innhold
Laster Instagram-innhold

«Skam» gjør danskane betre i norsk, meiner språkrådsdirektørane i både Noreg og Danmark.

Lokal språkrøkt

Kvar redaksjon har sin eigen språkkontakt. Det er ein erfaren journalist som har i oppdrag å drive språkrøkt. Det kan vere alt frå individuell rettleiing til å ta opp aktuelle tema på redaksjonsmøte og kurs.

I Sogn og Fjordane arrangerte t.d. språkkontakt Noralv Pedersen fleire språkmøte der kontoret sette seg mål for språkarbeidet. Måla var:

  1. Skapa ein positiv kultur for å drøfte og gje tilbakemeldingar på språket.
  2. Eit feilfritt og godt språk på nettet.
  3. Styrkja DKSF som ein produsent av kvalitetsjournalistikk på god nynorsk.

Andre eksempel er dramaturgikurs for journalistar i Trondheim og kurs i teiknsetting for kommunikasjonsavdelinga i NRK.

Språkutvalg

STYRKE NYNORSKEN: Eit utval leia av språksjef Ragnhild Bjørge (i midten) har foreslått tiltak for fremje nynorskbruk i NRK.

Foto: NRK

Nynorsk

Minst 25 prosent av det NRK publiserer, skal vere på nynorsk. Det er gjort eit omfattande arbeid for å få verktøy som måler målformprosenten frå dag til dag på alle plattformer (radio, TV og nett).

NRK hadde i 2016 eit snitt på 23 prosent nynorsk for alle plattformer. Mengda nynorsk på TV og radio omfattar all normert nynorsk, og halvparten av all munnleg dialektbruk i riks- og distriktssendingar. På NRK.no tel vi publiserte artiklar på normert nynorsk.
For å sikre nynorsk i NRK har Språkstyret i NRK arbeidd med ein plan for å styrke nynorsken. Planen blir ferdig og sett ut i livet første halvår i 2017.

Sami Grand Prix 2016

JOIK-VINNAR: Johan Ivvar Gaup vann joikedelen i «Sámi Grand Prix» 2016.

Foto: Dragan Cubrilo, NRK

Sápmi

NRK Sápmi samarbeider med Giellatekno (samisk språkteknologi) ved Universitetet i Tromsø om språklege hjelpemiddel (rette- og oversettingsprogram) slik at det skal verte lett å bruke samisk. På sikt skal vi tilby språkteknologi på nettsidene våre slik at det samiskspråklege innhaldet skal bli lettare tilgjengeleg for publikum.

Mona Solbakk

Mona Solbakk er sjef for NRK Sápmi og oppteken av korleis NRK kan arbeide for å styrke samiske språk.

Foto: NRK

NRK Sápmi publiserer på fire språk: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, i tillegg til norsk. I mars 2016 arrangerte NRK Sápmi ein open konferanse i Tromsø for å innspel til korleis NRK kan bidra til å ta vare på samisk språk og samisk kultur i møtet med nye medievanar.

I september inviterte NRK Sápmi til folkemøte på Røros der den sørsamiske befolkninga fekk komme med sine ønske. Sápmi arbeider òg med å styrke bruken av samisk internt. Målet er at hovudspråket i huset skal vere samisk.

STATISTIKK

Nynorskdel i NRK 2016

Nynorskabdel NRK 2014-2016