NRKs team på Skibladner 2016

19 000 publikummarar tok imot DS «Skibladner» då sommarbåten med NRK-mannskapet la til på Gjøvik.

Foto: Karianne Stordal, nrk

Frå heile landet – til heile landet

Distriktsdivisjonen har den største innanriks­redaksjonen i landet, og leverer regionale nyhende­sendingar og program til heile landet.

DISTRIKT: NRKs distrikts­divisjon er delt inn i 15 distrikt og har 53 kontor spreidd rundt i heile landet. Medarbeidarane i distrikts­divisjonen produserer både nasjonale og lokale nyhende til eigne sendingar og til nasjonale nyhende­sendingar heile døgeret.

NRKs distriktskontorer 2016
NRK Østfolds ettermiddagesending

KJENTE STEMMER: NRK Østfold er på lufta med «Etter 2, før 5».

Foto: NRK

I tillegg lagar dei riksprogram på fjernsyn og radio innanfor sjangrar som vitskap, natur, barn, livssyn, dokumentar og underhaldning, og fjernsyns­innslag til «Norge i dag» kvar kveld frå måndag til torsdag.

Sist, men ikkje minst, produserer dei nyhende til regionale nettsider.

Dei største produksjons­miljøa ligg i Tromsø, Trondheim og Bergen. Mykje av innhaldet på NRK P1 vert òg laga utanfor Marienlyst, og mange av dei mest folkekjære TV-programma vert laga i distrikts­divisjonen, mellom anna «Norge rundt» og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Ikke gjør dette hjemme

FLAMMAR OG SPRENGING: Marte Hedenstad og Torfinn Borkhus leia «Ikke gjør dette hjemme» – sesong 5, hausten 2016.

Foto: NRK

Distriktsdivisjonen sender seks timar radio på NRK P1 måndag til fredag frå 15 kontor, til saman vert det ein produksjon på 53 radiotimar dagleg. I tillegg kjem regionale fjernsyns­sendingar frå 11 sendestader.

I den fylgjande oversikta finn du nokre av dei nye satsingane frå Distriktsdivisjonen i 2016:

Sommarglede i hjarta til folket

I juli kom «Sommerbåten» endeleg til innlandet og Mjøsa. DS «Skibladner» si ferd på Mjøsa ei veke i juli er eit godt og solrikt minne for alle som stilte seg opp med flagg langs Noregs største innsjø for å skape liv, vinke, sjå og bli sett – av NRK sine kamera. Og dei som fylgde ferda på NRK1, fekk ei god dose innlandssjarm inn i stova.

Skibladner på Mjøsa med småbåtfølgje 2016

SOMMARGLEDE: Skibladner på Mjøsa med småbåtfølgje 2016

Foto: Lars Erik Skrefsrud, NRK

NRK bidrog til ein folkefest vi ikkje har sett i regionen sidan OL på Lillehammer. Fleire tusen møtte opp i Hamar, på Lillehammer, på Gjøvik, Kapp og Atlungstad i Stange.

Ved sida av å ha Hedmark si eiga Helle Therese Kongsrud som frontfigur på Skibladner, bidrog NRK Hedmark og Oppland til folkelivet ved å sende tre timar ettermiddags­sending i radio og på nett i samarbeid med NRK P1+, frå alle bryggene der båten la til. Det vart ei solid dose innlands­natur og -kultur i radio, på NRK1 og på nett.

Finnmarksløpet 2016

FOLKEFEST: Starten av Finnmarksløpet 2016 gjekk i Alta til stor folkeleg jubel.

Foto: Ksenia Novikova, NRK

Finnmark på eigne bein

Finnmarksløpet 2016. Her er reportar Anita Føleide på lufta.

DIREKTESENDING PÅ NETT: Her er reporter Anita Føleide frå NRK Finnmark på lufta.

Foto: Ksenia Novikova, NRK

NRK Finnmark hadde i 2016 sitt første heile, ordinære driftsår etter at kontoret igjen fekk status som eige distrikts­kontor etter å ha vore drifta saman med NRK Troms sidan 2003. Hovud­kontoret vart i 2016 flytta frå Vadsø til Alta.

#NRKbjeff 2016

INSTA-BJEFF: NRK Finnmark fekk inn tusenvis av bilete mens Finnmarksløpet var i gong under emneknaggen #NRKbjeff. Foto: Montasje av bilete frå Instagram

I byrjinga av året var det konsekvensane av den store flyktning­straumen over den norsk-russiske grensa på Storskog som dominerte nyhende­biletet i nord. I tillegg fylgde me den juridiske prosessen rundt retten til land og vatn gjennom rettssystemet.

I 2016 presenterte NRK Finnmark ei rad avsløringar om etterretning i nord, om norsk og alliert overvaking og om forholdet til Russland. Stoffområdet har vore fylgt av journalist Bård Wormedal gjennom 16 år, eit engasjement som òg resulterte i bok og pris, og ein open konferanse om overvaking i nord, «Militær etterretning i ei demokratisk blindsone» i oktober 2016.

Ulv engasjerer

I september vedtok rovviltnemndene i Oslo, Akershus og Hedmark lisensjakt på 24 ulvar utanfor ulvesona. Dyre- og naturvernarar protesterte, og i desember sette miljøvern­minister Vidar Helgesen vedtaket til side. Det starta eit grasrot­engasjement – eit engasjement som framleis varer ved.

Ulven som har raidet i Rendalen

SKOTEN: Denne ulven vart skoten i Rendalen sommaren 2016, etter at han skal ha drepe minst 90 sauar på ein månad.

Foto: ANETTE STRAND SLETMOEN / NRK

NRK Hedmark og Oppland har dekt ulvesaka tett, og redaksjonen diskuterer dagleg korleis dei skal få til ei balansert dekning. Ei oppteljing syner at redaksjonen har intervjua fleire av dei som vil skyte ulv enn dei som vil bevare ulvane. NRK skal vere uavhengig og balansert i nyhende­dekninga. Men på heime­bane møter våre journalistar flest av dei som kjenner veksten i ulvestamma på kroppen.

Sjølvkøyrt TV

I løpet av 2016 har alle distrikts­kontora teke eit langt steg mot kontinuerleg publisering gjennom auka satsing på nett og nye fjernsyns­studio som krev lågare bemanning. Dei nye sjølvstyrte studioa ligg nær redaksjonen, og gjer at terskelen for å kome hurtig på lufta, er senka.

Kvart distriktskontor kan no gå på lufta, anten på TV eller nett, med berre to personar direkte involvert. Utstyret har vakt internasjonal oppsikt. Sist haust fekk NRK Telemark besøk av ein delegasjon frå dansk TV som ville sjå på kva fordelar eit slikt sjølvkøyrt TV-studio gjev.

Programleiar Tom Ole Buaas i NRK Telemark viser fram det nye TV-studioet

SJØLVKØYRT TV: Programleiar Tom Ole Buaas i NRK Telemark viser fram det nye TV-studioet der programleiaren sjølv styrer kamera til gjester frå danske TV Syd.

Foto: NRK

Lågare terskel for ekstrasendingar

Kvelden den 4. april 2016 venta innbyggjarane i Sunnfjord spent på resultata frå folkerøystinga om kommune­samanslåing. Med ny teknologi og utviklinga på nett kan sjølv eit lite distriktskontor som NRK Sogn og Fjordane fylgje slike viktige, lokale hendingar både på nett i NRK TV og på radio.

Når ekstremvêr treffer land, har fleire distriktskontor tradisjon for ekstra­sendingar på radio. I 2016 var det «Tor» og «Urd» som ramma hardt. I januar vart «God ettermiddag, Sogn og Fjordane» utvida utover heile kvelden då «Tor» vart meir kraftfull enn venta. Då ekstremvêret roa seg, hadde programleiar Stein Aase stått i studio i sju timar.

NRK for alle

Stortinget har gjeve NRK i oppgåve å gje eit tilbod til alle innbyggjarar i landet, uansett etnisk bakgrunn. NRK Østlands­sendingen, som har Oslo og Akershus som deknings­område, har eit særleg ansvar for å nå det fleir­kulturelle Noreg. Kvar tredje Oslo-borgar, og i underkant av kvar femte Akershus-innbyggjar, har innvandrar­bakgrunn.

IRNs halalsertifikat

HALAL-SJEKK: 11 butikkar i Noreg er sertifiserte gjennom Islamsk Råd Norge og fleire ventar på godkjenning, ifølgje IRN.

Foto: Fouad Acharki / NRK

I 2016 kunne Østlands­sendingen fortelje om Islamsk Råd Norge, som tener godt på å halal-sertifisere matvarer, restaurantar og butikkar. Østlands­sendingen fortalde òg at alle leiarane i bydelane i Groruddalen er etnisk norske, trass i at nesten halvparten av innbyggjarane har minoritets­bakgrunn.

Østlandssendingen er òg vertskap for NRK FleRe, eit rekrutterings­prosjekt for journalistar med såkalla fleir­kulturell kompetanse. Kvar haust startar eit nytt kull på ein halvårig utdanning som skal gje dei ein «flying start», anten innanfor NRK eller andre deler av medie-Noreg. Meir om dette i kapittelet om Mangfald og fleirkulturell kompetanse.

Podkast

Podkast P1 Psykologen

PODKAST: Kvar veke svara psykolog Egon Hagen på spørsmål frå publikum i podkast-sendingar frå NRK Rogaland.

Fleire distriktskontor produserte podkastar i 2016. I april lanserte NRK Rogaland den første i ei rekke på tre seriar: «Radiolegen», «Psykologen» og «Advokaten». «Psykologen» vart raskt populær, og låg lenge på topplista over norske podkastar. Seriane har òg vorte sende på NRK P1.

Langlesing på nett

Etter kvart som folk har vortne vante til å lese nyhende på nett, har stadig fleire vendt seg til å lese lange artiklar, også på mobil. Mange av distrikts­kontora har difor lagt mykje arbeid i såkalla «XL-saker» – sterke historier som gjev oppleving, fleire vinklar, meir fakta og utfyllande bakgrunn til lesarane.

Vegard Alexandersen, skjermdump XL-sak

BRANNSKADD: Vegard Alexandersen vart alvorleg brannskadd som barn, og fortalde at han stadig vert mobba for utsjånaden sin i artikkelen «Se, der kommer styggen».

Foto: Alf Harald Martinsen, NRK
Lene Marie Fossen i artikkelen «Å ta bilete held meg i live»

ANOREKSI: Fotograf Lene Marie Fossen fortel i artikkelen «Å ta bilete held meg i live» openhjartig om livet som anorektikar.

Foto: John-André Samulensen, NRK
Roar Juel Johannessen

KRISTIN-SAKA: Roar Juel Johannessen fortel om livet og jakta på ein drapsmann i åra etter at dottera Kristin vart drepen i 1999. Foto: John-André Samulesen, NRK

Grev djupare

I 2016 opplevde Drammen kommune ei av sine største skandalar nokosinne då NRK Buskerud etter langvarig graving i dokument og kjelder, avslørte mistanke om korrupsjon i byggesaks­avdelinga.

Dette er korrupsjonssaken i Drammen

GRAVE-SAK: NRK Buskerud laga ein forklaringsvideo om korrupsjonssaka som mellom anna vart spreidd i sosiale medium. Foto: NRK

NRK Sørlandet lagde nettserien «Mann. Utsatt» der dei sette søkjelyset på godt vaksne menn som har opplevd seksuelle overgrep som barn. Reportasje­serien vakte sterke reaksjonar.

Natta etter at dokumentaren «Utsatte menn» vart sendt på NRK TV, fekk hjelpelinja for overgreps­utsette kraftig pågang av menn.

«Pål» begikk overgrep mot flere mindreårige gutter. Han mener det skjedde fordi han ikke fikk oppleve kjærlighet i barndommen.

OVERGREP: I serien «Mann. Utsatt» fortel overgrepsutsette menn og éin dømt overgripar i fire episodar om nokre av dei mørkaste løyndommane dei ber på. Serien er laga av NRK Sørlandet.

Hagen min

HAGEN MIN: Heidi Sivertzen-Oksmo og Camilla Næss frå NRK Østfold laga hageserien «Hagen min» i 2016.

Foto: Tor René Stryger, NRK

Hageglede

Gjennom 14 sesongar laga NRK Østafjells hageserien «Grønn Glede» med ein marknads­andel tidvis over 60 prosent. I 2016 møtte sjåarane ein ny programleiar, Heidi Sivertzen-Oksmo, i nyskapinga «Hagen min». «Hagen min» står òg på sendeplanen i 2018 og 2019.

Tiurleik

FUGLESANG MINUTT FOR MINUTT: Natt til 1. mai 2016 fekk radiolyttarar i 12 land, frå Russland i aust, til Irland i vest, via Malta i sør og Noreg i nord, høyre morgongryets lyder etter kvart som sola steig opp over Europa. Noreg bidrog med tiurleik på Voss.

Foto: Sveinung Klyve, NRK

STATISTIKK:

15 distriktskontor med eigne radiosendingar

Daglig dekning i gjennomsnitt for distriktssendinger radio, i prosent, for 2016

Daglig dekning

Snitt 2016

27

NRK Sogn og Fjordane

46

NRK Nordland

35

NRK Finnmark

34

NRK Møre og Romsdal

34

NRK Troms

34

NRK Trøndelag

33

NRK Hedmark og Oppland

32

NRK Hordaland

31

NRK Rogaland

27

NRK Østafjells

26

NRK Sørlandet

26

NRK Østfold

22

NRK Østandssendingen

19

NRK Telemark

NRK Vestfold

Kilde: Kantar TNS Forbruker & Media

Radiodekninga er inkludert korte nyheitsbulletinar.

879 000 lyttar til distrikts­sendingane på P1 kvar morgon

Lyttere distriktssendingene alle hverdager 2016

2014

2015

2016

Distriktsmorgon kl. 06-09

936 000

890 000

879 000

Distriktssending kl. 14-17

901 000

845 000

820 000

KIlde: Kantar TNS PPM