Line Andersen

Line Andersen

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Språkleg førebilete

SPRÅK: NRK har eit stort ansvar for å ta vare på og utvikle norsk språk. Dei viktigaste satsingane i 2015 har vore røkting av dialektbruk i NRK, arbeidet med den fleirkulturelle ordlista, godt og rett språk og det å gje medarbeidarane raske svar på språkspørsmål.

Nynorsk

Minst 25 prosent av det NRK publiserer skal vera på nynorsk. Det er gjort eit omfattande arbeid for å få verktøy som måler målformprosenten frå dag til dag på alle plattformer (radio, TV og nett). NRK har i 2015 klart å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk i snitt for alle kanalar.

Vi håpar at det nye verktøyet vil gjere det lettare å måle bruken av ulike målformer framover. Gjennom Nynorsk mediesenter arbeider NRK langsiktig med å rekruttere medarbeidarar og journalistar som bruker nynorsk.

Bruk av dialekt i sendingane

Fleire medarbeidarar enn tidlegare er skrivande journalistar. Det stiller andre og nye krav til språkleg tryggleik og til rettskriving.

NRKs årsrapport 2015 / NRK

I NRK er det krav om å bruke normert tale i nyhendesendingar og programinformasjon. Medarbeidarar kan søkje om unntak frå normeringskravet, men hittil har berre nokre få medarbeidarar fått slik dispensasjon.

I andre sendingar kan medarbeidarane velje om dei vil snakke normert eller bruke dialekt. Dialekt vert målt både som bokmål og som nynorsk, fordelt med halvdelen på kvar av målformene.

I juni vart det vedteke retningsliner for dialektrøkt og -bruk i NRK etter ein grundig og open prosess med bistand frå mellom anna Universitetet i Oslo og innspel frå Språkrådet.

Retningslinene skal gjera det lettare å rettleie dialektbrukarar i god og konsekvent språkbruk, og stiller tydelege krav og forventningar til god dialektbruk i eteren. Det vart halde regionale seminar for språkkontaktar og leiarar, der dei fremste sosiolingvistane i landet var med som innleiarar og rettleiarar.

Fleirkulturell ordliste

NRKs flerkulturelle ordliste

NY ORDLISTE: «NRKs fleirkulturelle ordliste» er ein gjennomgang av ulike omgrep medium brukar om innvandrarar og fleirkultur.

Foto: NRK

I 1999 laga NRK Østlandssendingen «Svartelista» – ei gjennomgang av ulike omgrep knytt til det fleirkulturelle Noreg.

I 2015 vart lista revidert og utvida, og endra samtidig namn til NRKs fleirkulturelle ordliste. Revisjonen vart gjort i dialog med ei rekkje organisasjonar og offentlege instansar.

Språkleg kvalitet

Fleire medarbeidarar enn tidlegare er skrivande journalistar. Det stiller andre og nye krav til språkleg tryggleik og til rettskriving. I 2015 vart det innført språktestingsverkty som skal brukast av medarbeidarane og i samband med tilsetjingar. Det er også gjort arbeid med korrekturverktøy og -rutinar i redaksjonane.

For å gjera alt som gjeld NRK-språket lett tilgjengeleg for medarbeidarane, har me fått på plass nye språknettsider (sprak.nrk.no). På sidene finn ein språkreglar, retningsliner og vedtak som gjeld språkbruk i NRK.

Det er òg publisert ein uttaledatabase for personnamn og stadnamn. Nettsidene er opne for alle, også utanfor NRK. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå andre medieverksemder som har hatt nytte av sidene.

Delen nynorsk i NRK-kanalane aukar

Delen nynorsk på TV og radio inkluderer all normert nynorsk, samt halvparten av dialektdelen. På NRK.no representerer delen berre publiserte artiklar på normert nynorsk. NRK1 og P1 inneheld distriktssendingane.

20.1_språk_nynorskandel_.png

Nynorskdel per kanal i 2013–2015. Kilde: Ipsos MMI tom 2013, Opoint april–des. 2014 og 2015.

Innhald frå heile Norden på TV-kanalane til NRK

Innhald frå Norden

Kanal

Sjanger

Danm.

Finland

Island

Sverige

Norden

Totalt

NRK1

Drama

32

9

41

Informasjonsprogram

46

26

3

47

122

Kunst/kultur/medier

0

3

3

Naturprogram

6

6

Religion/livsfilosofi

8

8

Sport

33

75

108

Underhaldning

34

34

Vitskap

1

1

NRK1 totalt

113

59

3

147

0

323

NRK2

Drama

8

9

2

18

Informasjonsprogram

43

2

0

46

91

Kunst/kultur/medier

2

5

7

Musikk

2

2

Naturprogram

5

5

Sport

3

4

6

Underhaldning

10

1

13

24

Undervisning

3

3

Vitskap

1

1

NRK2 totalt

67

4

2

81

2

156

NRK3

Drama

1

5

6

Informasjonsprogram

9

0

3

12

Underhaldning

5

5

NRK3 totalt

10

0

13

24

NRK Super

Barneprogram

15

4

4

23

NRK Super totalt

15

4

4

23

NRK totalt

206

67

5

229

19

536

Timer førstegangssendt innhald frå andre nordiske allmennkringkastarar. På grunn av nytt talgrunnlag er ikkje tala samanliknbare med tidlegare år. Kilde: NRK Statistikk