Astrid S + Matoma - Christine Live 2015

Astrid S + Matoma - Christine Live 2015

Foto: Tom Øverlie / NRK

Løfter norsk musikk

NORSK MUSIKK: Delen norsk musikk på radiokanalane i NRK har auka dei siste åra. Det skuldast i all hovudsak målretta musikkstyring frå musikkredaksjonane. Samstundes er det å finne den rette blandinga mellom norsk og utanlandsk, kjend og ukjend musikk, viktigare enn nokosinne for å gje den ukjende musikken det publikummet han fortener.

Dette er del av kuratoroppgåva som musikkredaksjonane i NRK gjer, og er grunnen til at kanalane vert formatert ulikt.

NRK har dei siste åra utvikla radioen frå å ha tre hovudkanalar til å ha elleve kanalar som spelar eit mykje større mangfald av musikk. Nokre av desse legg vekta på den nye norske musikken, andre freistar å presentere den norske musikkhistoria og norske klassikarar i alle sjangrar.

Simen Mitlid med band spiller på Innlandsscenen.

LIVE: Musikken til Simen Midtlid frå Folldal vart brukt i NRK-serien «Unge lovande». Her speler han og bandet i NRK Hedmark og Oppland.

Fleire kanalar har gjort det mogeleg å vekkje til liv «Meloditimen» på NRK P1+ og utvide «På Dansefot» på same kanal. NRK Klassisk arrangerer ønskekonsertar med artistar som Tine Thing Helseth, Sølvguttene og Sigvart Dagsland.

«Grenitimen» på NRK P13 er eit ytterlegare tilskot til variasjonen og mangfaldet som kjem norsk musikk til gode på NRK radio.

I samband med Urørtfinalen 2015 som vart arrangert 20. februar, vart det berre spela norsk musikk på alle NRK-kanalane heile dagen. Dette tiltaket skal takast opp att i 2016.

Odd Nordstoga på Sommerbåten

NORSK SPRÅK: Odd Nordstoga stemmer gitaren på dekk på MS «Sjøkurs». «Sommerbåten» er ei viktig scene for norske artistar.

Foto: Ingeborg Volan
Kristian Kristiansen

ÅRETS URØRT: Kristian Kristiansen vart kåra til Årets Urørt under Urørtfinalen på Samfundet i februar 2015.

Foto: NRK P3

På NRK TV er konkurransar som «Stjernekamp», «MGP» og «MGPjr» med på å løfte fram norske artistar. «Hovudscenen» og «Sommerbåten» er også viktige scener der norske artistar treff eit stort publikum.

Kygo på Nobelkonserten

NOBEL-STJERNER: A-ha og Kygo avslutta Nobelkonserten i Telenor Arena i desember.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

I 2015 sende vi i tillegg TV-konsertar med Bjørn Eidsvåg, De Lillos, A-ha, Lido, Sigrid Moldestad, Vamp, Halvdan Sivertsen, DDE, Di Derre, Vazelina Bilopphøggers, Ole Ivars og Helene Bøksle. Vi publiserte òg ei rekke konsertar på nett, i tillegg til faste konsertsendingar på radiokanalane kvar veke.

Både NRK og norsk musikkliv deltek i det vi kan kalle verdsmeisterskapen i musikkformidling. Det at vi kan presentere norsk musikk av skyhøg kvalitet, er eit av våre største fortrinn.

Samstundes er norsk musikkliv framleis avhengig av den eksponeringa som t.d. NRK kan gje, for å nå ut med nye artistar og songar i ein stadig meir globalisert konkurranse.

Dei siste åra har nye norske popartistar som Nico & Vinz og Kygo gått frå å vere heilt ukjende ungdomar til å bli verdsstjerner, godt hjelpne av spesielt NRK P3 og Urørt, som er ei musikkdelingsteneste for ukjende musikarar.

Magdi og Chirag på Nitimen

I NITIMESTUDIO: Magdi og Chirag frå Karpe Diem gjesta Claus Wiese og Nadia Hasnaoui i «Nitimen» på NRK P1 i november.

Foto: NRK

Dette har gitt NRK mykje godt innhald. Vi har felles interesser i at norsk musikkliv gjer det bra, fordi det gir godt NRK-innhald og styrkar norsk kultur og identitet.

KORK og Lido i vanvittig samspill fra Sildajazz i Haugesund.

KORK + LIDO: På Sildajazz 2015 fekk ein fullsett Maritim Hall i Haugesund oppleve musikk utanfor alle sjangergrenser.

Høgare del norsk musikk på radio

Programleder Christine Dancke

«CHRISTINE LIVE»: Programleiar Christine Dancke i P3 legg stor vekt på norsk musikk.

Foto: NRK

Alle dei tre hovudkanalane har ein høgare del norsk musikk i 2015 enn i 2014. Norsk musikk vil seie musikk av norsk artist/utøvar, komponist, tekstforfattar eller med norsk språk. Delen med norsk språk på NRK P2 er lav samanlikna med dei andre kanalane fordi kanalen spelar mykje instrumentalmusikk.

Andel norsk musikk på radio

Andel norsk musikk
av totalt avspilt musikk

Andel av norsk musikk
med norsk språk

Andel av norsk musikk
med norsk komponist/
tekstforfatter

2014

2015

2014

2015

2014

2015

NRK P1

42

45

64

66

97

93

NRK P2

33

36

20

19

60

56

NRK P3

39

39

27

29

95

94

Kilde: NRK Statistikk

Velkommen til julekonsert i Bøler kirke i Oslo hvor Bjørn Eidsvåg, stjernesopranen Mari Eriksmoen, folk-bandet Hekla Stålstrenga og bergenskoret Fargespill er med når Kingkastingsorkestret inviterer til nydelig og stemningsfull julekonsert. Programleder er Hans Olav Brenner.

JULEKONSERT: Kringkastingsorkesteret spelte saman med Bjørn Eidsvåg og Hekla Stålstrenga på julekonserten i 2015.