Sommerbåten er i Egersund

SOMMARSENDING: Det var norske flagg, jubel og god stemning då Sommerbåten passerte Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Frå heile landet til heile landet – også på vatnet

DISTRIKT: Med 13 distriktskontor og nærvære på 54 stadar i Noreg, dekkjer NRK heile landet. Distriktskontora skal vera best på regionalt innhald i Noreg – både gjennom dekking av nyhende og regionale innhaldstenester på alle plattformer. Distriktskontora skal òg løfte lokale og regionale saker opp til eit nasjonalt publikum gjennom det riksdekkjande nyhendetilbod til NRK.

Mange distriktskontor har òg ansvar for riksproduksjon innanfor definerte sjangerområde og format, og har publiseringsansvar for spesielle program og nettilbod.

Sommarbåt for heile Noreg

Øyvor Bakke på Sommerbåten

LOKALKJEND: Øyvor Bakke frå Jondal var sjølvskriven programleiar på sommarbåten i Hardangerfjorden.

Foto: Sindre Skrede / NRK

«Sommarbåten» er eit samarbeid på tvers i heile NRK, både i utvikling og under sjølve seglasen. Distriktskontora var òg denne gongen viktige bidragsytarar. MS «Sjøsprøyt» klappa til kai i 41 hamner i løpet av åtte sommarveker.

Alle publiseringsplattformer vart nytta. Heilt avgjerande for suksessen var medverknaden frå publikum, både i sosiale medium og ikkje minst ved fysisk oppmøte og oppslutning kring sendingane.

Nesten fire millionar sjåarar var innom «Sommerbåten», noko som gjer 2015 til beste sesong nokosinne sidan NRK byrja med «Sommeråpent» i 2000.

Nytt av året var satsinga på drama. «Mysteriet på Sommerbåten» vart den lengste dramaserien i verda i geografisk utstrekning. Undervegs på den 2600 kilometer lange seglasen vart 41 episodar spilt inn og sendt.

Innseilingen til Bekkjarvik ble en av de mest spektakulære for Sommerbåten i 2016. Se de fantastiske bildene.

TRIUMFFERD: Sommerbåten seglar inn til Austevoll i Hordaland.

Lenking og kreditering

Ammar Almohamad Alabo

UTHENGT: Historia om syriske Ammar Almohamad Alabo i Vadsø som vart hengt ut på Facebook fordi han kjøpte brød var NRK.nos nest mest leste sak i 2015.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Ei viktig oppgåve for NRK i 2015 har vore å opne for samarbeid mellom NRK og lokale mediehus. NRK tilbyr å bidra med kompetanse, både journalistisk og teknologisk, særleg knytt til levande bilete. Dette har vore tett følgd opp, ikkje minst i samband med valet.

NRK skal konsekvent kreditere kjelder som vert siterte. På nett skal krediteringa gjerast som lenker.

Beredskap

Uvær Hammerfest

UVÊR: Stormen feide gjennom gatene i Hammerfest i desember.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

NRK har eit særskilt samfunnsansvar i krisesituasjonar ved store og dramatiske nyhende. NRK har eit godt utbygd sendarnett og kan lett nå svært mange lyttarar og sjåarar. I mange tilfelle har lokale styresmakter og redningstenester bruk for å nå ut til folket med viktig informasjon.

I 2015 har fleire distriktskontor hatt ekstrasendingar, særleg i samband med uvêr.

Flommen i Re i Vestfold

FULL INNSATS: Ingen skal seie at ikkje NRK-journalist John-André Samuelsen tok oppgåva med å rapportere frå flaumen i Re i Vestfold på alvor. Han er ein av rundt 1000 distriktskontor-tilsette som kvar einaste dag er tett på små og store hendingar rundt omkring i Noreg.

Vi som ble sittende uten strøm, telefon og internett i over to døgn, hadde heldigvis radioer med batteri. NRK Hordaland var eneste kontakt vi hadde med omverden. Det var fantastisk slik de jobbet for å holde oss oppdatert.

Olaf R. Thorstensen, Frekhaug
Prefaboden i Skuteviken

EKSTRASENDING: I januar raste ekstremvêret «Nina» over Vestlandet. Over 28 000 husstandar var heilt utan straum i Hordaland.

Regionalt perspektiv

Remi Sagen

PÅ INNSIDA: Når akuttkirurgien står under press ved lokalsjukehusa, vil NRK Møre og Romsdal vise kva debatten eigentleg handlar om. Då må vi inn på operasjonsstovene. Dette er fotograf Remi Sagen.

Foto: Frode Berg / NRK

Alle distriktskontora har eit regionalt oppdrag, men føresetnadene er ulike sidan dei dekkjer område med stor spreiing i storleik, topografi, busetjing og næringsliv.

Alle distrikta vert dekte gjennom daglege, regionale nyhendesendingar på radio, TV og nett. Distriktskontora i NRK har eit større geografisk nedslagsfelt enn dei fleste lokale nyhendemedium.

Riksproduksjonar

Distriktsdivisjonen produserer òg program for eit nasjonalt publikum, og er ein viktig del av den totale programskapinga. Divisjonen bidreg med historier frå heile landet og trygger eit mangfald av røyster og dialektar i NRK. Distrikta har ansvar for fleire viktige sjangerområde, som inkluderer ei rad program og seriar. Riksproduksjonen skjer på alle plattformer, men han er størst på NRK1 og NRK P1.

Ifølgje paragraf 14e i vedtektene til NRK, pliktar NRK å sende innhald som enten er produsert i, eller som tek det innhaldsmessige utgangspunktet i distrikta.
NRK Trøndelag er ressurssenteret i divisjonen for radio og har ansvar for ei rad program på NRK P1, som til dømes «Norgesglasset», «Her og nå» og fleire kvelds- og helgeprogram. NRK Trøndelag har òg kanalansvar for NRK P1+. Sjangeransvaret for vitskap ligg òg på Tyholt, og omfattar «Schrødingers katt» og «Newton».

NRK Hordaland er ressurssenteret i divisjonen for TV, med ansvar for mellom anna «Norge i dag» og «Norge Rundt». Dei har òg sjangeransvar for kvardagsdokumentar, natur – gjennom «Ut i naturen», «Friluftsmagasinet», «Naturens verden» – og det journalistiske ansvaret for innhaldet på yr.no. Brennpunkt-redaksjonen i Bergen lagar tre tittelprogram i året, i tillegg til eigne nyhendesaker.

Brøyt i vei

SUKSESS: Dokumentarserien «Brøyt i veg» har vore ein stor suksess, og skal halde fram med ny sesong i 2016.

Foto: NRK

NRK Troms og NRK Finnmark har eit særskilt ansvar for journalistikk i nordområdet med hovudvekt på miljø, olje og gass og tilhøvet til Russland. Med reetablering av distriktskontoret for Finnmark, med både morgon- og ettermiddagssendingar på radio frå 9. april 2015, har nordområdejournalistikken fått større vekt.

Tromsø er eit kompetansesenter for produksjon av barne-TV med omfattande produksjon gjennom mange år. Verdt å nemne er det direktesende «Påskemorgen». I tillegg produserer avdelinga underhaldningsseriar og dokumentarar med utgangspunkt i nordnorsk kvardag, historie og natur.

Finnmarksløpet 2015

TIL STADES: NRK-journalistane Inghild Eriksen og André Bendixen dekka Finnmarksløpet i 2015. Her saman med ei av toppidrettsutøvarane i løpet.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Opptaka av storsatsinga «Oppdrag Nansen» som vart sendt i 2015, var den største og mest omfattande satsinga ved kontoret i 2015 ved sidan av ein ny sesong av «Brøyt i veg».

Sigrid Ekran er verdensmester

VERDSMEISTER: Sigrid Ekran vart kåra til verdsmeister etter målgang i Finnmarksløpet i 2015.

Foto: Knut-Sverre Horn

13 distriktskontor med eigne radio- og TV-sendingar

NRK Sørlandets TV-sending

KONTROLLROM: NRK Sørlandet går på lufta fem kveldar i veka, pluss ekstrasendingar.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Radiodekninga er inkludert korte nyheitsbulletinar. Dagleg dekning i prosent.

Dagleg dekning distriktsvise radio- og TV-sendingar

Radio

TV

Gjennomsnitt

29

22

NRK Østfold

24

21

NRK Østlandssendingen

22

16

NRK Hedmark og Oppland

33

24

NRK Østafjells

28

18

NRK Sørlandet

30

25

NRK Rogaland

28

19

NRK Hordaland

32

24

NRK Sogn og Fjordane

48

33

NRK Møre og Romsdal

33

28

NRK Trøndelag

33

26

NRK Nordland

37

33

NRK Troms

39

31

NRK Finnmark

37

32

Kjelde: TNS Gallup Forbruker & Media

Daglig dekning distriktsvise radio- og TV-sendinger

Åpning NRK Finnmark del 1

PREMIERE: Med et slag på skipsklokka opna kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen NRK Finnmark som det 13. distriktskontoret i NRK i april.

890 000 lyttarar kvar morgon

Hilde Nilsson

GOD MORGON: Hilde Nilsson Ridola er morgonstemma som møter deg som bur i Oslo og Akershus.

Foto: Dang Trinh / NRK

Lyttartal for distriktssendingane på NRK P1 alle kvardagar, lyttartal i 1000.

Lyttartal radiosendingar NRK P1 alle kvardagar, lyttartal i 1000

2013

2014

2015

Distriktsmorgon kl. 06-09

1000

936

890

Distriktssending kl. 14-17

960

901

845

Kjelde: TNS Gallup PPM

Lyttertall radiosendinger P1 alle hverdager, lyttertall i 1000

NRKs sommarsatsing samla 4 millionar

NRK Østfold på Facebook

TIL STADES: Alle distriktskontora kommuniserer med brukarane sine i sosiale medium.

Foto: Skjermdump Facebook/NRK Østfold

Nesten 4 millionar sjåarar var innom minst ei av sendingane i løpet av sommaren.

Sjåartal på sommarsendingar 2015

Program

Sjåartal blant folk 12 år +

Minutt for minutt-sendingane

2 883 000

På veg til-sendingane

3 343 000

«Mysteriet på sommerbåten»

3 493 000

«Sommeråpent»

3 771 000

Totalt alle sommarsendingar

3 907 000

Kjelde: TNS Gallup TV-undersøkelsen

Seertall på NRKs sommersendinger 2015

Tid brukt på NRKs sommarsatsing

Sommerbåten Sjøkurs ved kai i Havnnes i Troms

TROMS: Over 700 000 sjåarar følgde «Sommeråpent» frå vakre Havnnes i Troms, ein stad med berre 37 fastbuande.

Foto: NRK

I snitt har folk i alderen over 12 år sett 12 timar med «Sommeråpent», «Sommerbåten», «Minutt for minutt» osv.

Sjåartid på NRKs sommarsendingar - timetal

Alder

Timetal

Alle 12 år +

12

12-19

3

20-29

4

30-39

5

40-49

8

50-64

15

65 år +

28

Kjelde: TNS Gallup TV-undersøkelsen

Seertid på NRKs sommersendinger - antall timer sett

NRK Møre og Romsdal

LETTARE UTSTYR: Nytt utstyr gjer det enklare å sende direkte frå stadig fleire stader. Dette biletet er frå Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sjå kva ditt NRK-kontor leverte i 2015

Laster Instagram-innhold
Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost