NRKMeny
  1. Nyhetsmeldinger

  2. FNs generalforsamling 2017

    – Vil hindre iranske basar i Syria

    Israels statsminister Benjamin Netanyahu sa i talen sin i FN i kveld at Israel vil hindre at Iran etablerer permanente militærbasar i Syria. Han sa også at Iran-avtalen må endrast, eller skrapast.

  3. Nytt jordskjelv i Mexico

    Fleire skadde etter jordskjelvet

    Det er meldt om skadde menneske etter jordskjelvet i Mexico, og det skal også vere øydelagde bygningar. Flyplassen i Mexico by har stengt som følgje av skjelvet, melder Reuters.

  4. Nytt jordskjelv i Mexico

    Bygningar øydelagde i Mexico by

    Meksikansk fjernsyn har vist bilete av bygningar med skade etter jordskjelvet. Minst eitt hus har rasa delvis saman, melder Reuters. Børsen i byen har innstilt handelen på grunn av skjelvet.

  5. Kurdisk folkeavstemning

    Erdogan åtvarar kurdiske leiarar

    Tyrkias president Erdogan seier at ei folkerøysting om eit sjølvstendig Kurdistan vil skape nye væpna konfliktar i området. Han ber innstendig kurdiske leiarar om å avlyse den planlagde folkerøystinga.

  6. Nytt jordskjelv i Mexico

    Episenteret var aust for Mexico by

    Jordskjelvet som ramma Mexico i kveld norsk tid, hadde episenteret sitt i provinsen Puebla aust for Mexico by. Det er i dag på dagen 22 år sidan det store jordskjelvet i 1985, då minst 10.000 menneske miste livet.

    ARTIKKEL

    Mexico rammet av et kraftig jordskjelv samme dag som de markerte landets dødeligste skjelv

  7. Nytt jordskjelv i Mexico

    USGS: Mexico-skjelv målt til 7,1

    Det amerikanske jordskjelvovervakings-senteret USGS har slått fast at skjelvet som ramma Mexico i dag, hadde ein styrke på 7,1, ikkje 7,4 som dei melde tidlegare. Det har ikkje kome meldingar om skadde.

  8. Nytt jordskjelv i Mexico

    Flykta ut i gatene i panikk

    Fleire tusen menneske styrta ut i gatene i Mexico by etter at eit jordskjelv målt til 7,4 ramma det sørlege Mexico i kveld norsk tid. Det har førebels ikkje kome meldingar om skadde.

  9. Nytt jordskjelv i Mexico

    Kraftig jordskjelv i Mexico

    Eit kraftig jordskjelv, målt til ein styrke på 7,4, har ramma det sørlege Mexico, melder det amerikanske jordskjelvsenteret USGS. Bygningar skaka også i hovudstaden Mexico by.

  10. Nytt jordskjelv i Mexico

    Jordskjelv i Mexico by

    Eit kraftig jordskjelv har ramma Mexico by. Høge bygningar skaka i skjelvet, melder fleire nyheitsbyrå. Det er uklart kor sterkt skjelvet var, men folk flykta ut av bygningane i panikk.

  11. FNs generalforsamling 2017

    Israels statsminister priser Trump

    Israels statsminister Benjamin Netanyahu hyller Trumps FN-tale i dag: – Gjennom 30 års erfaring i FN har jeg aldri hørt en modigere tale. Trump talte sannheten om de store farene verden står overfor og konfronterte dem, sier han. Dette melder AP.

  12. Se flere meldinger