Marerittdøgnet

Ni menn hamna under snøen då skredet rasa nedover dalsida ved Hjørundfjorden på Sunnmøre.

Erfaringa frå redningsarbeidet kan ha berga mange liv i åra etter.

Eldbjørg Standal Tvergrov (80) minnest den skrekkelege dagen, 24. november 1971. Dagen har prega henne i 50 år.

Ho meiner det som skjedde ikkje må gløymast. Verken for komande generasjonar eller for dei som bur i området.

Denne dagen er Eldbjørg sin far, Einar Standal og broren hennar, Olav Standal, oppe i fjellsida for å hente heim fem geitebukkar som skulle ha vore nede for lengst.

Dei har med seg to andre bønder, Bjørn Standal og Bjarne Stavset.

I det bratte gjølet på fjellet Molaupen er dei på veg ned etter å ha funne dei fem bukkane, der fire av dei er i live.

Det har kome ein god del snø til å vere sist i november. I dei brattaste partia er dei difor festa til kvarandre og dyra med tau.

Faren til Eldbjørg er her saman med ein av bukkane, eit godt stykke oppe i fjellsida.

Det som skjedde i timane etter har Eldbjørg fått vite mykje om i etterkant, der ho no, 50 år etter sit nede ved Molaupen, med fjellet kneisande bak seg.

Ho var 30 år og arbeidde på folkehøgskulen i kommunesenteret då ho fekk beskjed om å kome heim.

På vegen ned med bukkane hadde det gått eit ras i renna på Molaupen. Dei voldsomme snømassene tok med seg Eldbjørg sin bror.

Dei tre andre prøvde desperat å grave seg ned til han. Men dei måtte ha hjelp.

Leitemannskapet som kom til klarte å finne Olav. Han pusta, men før dei klarte å få han ut av snøen skjedde det igjen.

Det kom nye ras. Fleire ras.

Til slutt var det ni menn som låg under dei tjukke snømassene. Blant dei var også Eldbjørg sin far. Leitemannskap strøymde til utover kvelden og natta.

Dagsrevyen sin reportasje frå Molaupen dagen etter raset viser leitemannskap som kjempar mot klokka for å finne dei sakna.

Ved den fråflytta Molaupsgarden hadde redningsmannskapa base. Herifrå kunne ein gå bort til rasområdet.

I det kvite huset nede i bygda gjekk Eldbjørg med eit håp om at dei sakna skulle bli funne i live.

Mannskap frå Røde Kors kom frå mange stader, nært og fjernt.

Ei intens jakt i snøen utover morgonen resulterte i at to av dei sakna vart funne i live, etter lange og mørke timar under 2-3 meter snø.

Den 1. desember i 1971. Ei veke etter raset. Faren og broren til Eldbjørg blir gravlagde ved Hjørundfjord kyrkje. Det blir også dei andre som miste livet i snøraset.

Raset på Molaupen kan derimot ha berga mange liv i åra etter. Erfaringane frå ulykka har nemleg forma Røde Kors sitt redningsarbeid. Meir opplæring, fleire øvingar, betre utstyr, raskare utrykking.

Det er godt å vite for Eldbjørg. 50 år etter marerittdøgnet på Molaupen er ho igjen i Hjørundfjord kyrkje.

I kyrkja vert det tent lys for å minnast dei sju som miste livet i rasulykka. Eitt lys for kvar av dei sju.

Eldbjørg Standal Tvergrov er 80 no. Det har gått 50 år. Det som skjedde den gongen vart lærdom for alle. Difor er det viktig at ulykka som kravde sju liv aldri vert gløymd...

Journalist

Arne Flatin

Redigerer

Øyvind Sandnes
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal