Ti personar vart drepne ved Kjærleiksstien på Utøya. Ylva Helene Schwenke frå Tromsø overlevde - så vidt. I dag fortalde ho retten om korleis livet hennar lenge hengde i ein tynn tråd.
Schwenke gøymde seg for gjerningsmannen i skrenten nedanfor Kjærleiksstien. Ho blei skoten fleire gonger i magen, halsen og i begge låra.
– Eg var sikker på at eg skulle døy. Eg har sett på film at folk døyr etter ei kule. Då tenkte eg at det var vanskeleg å overleva fire skot.
Ho kløyp seg sjølv i armen for å halda seg medviten medan ho låg i skjul for gjerningsmannen.
– Men så skjedde det ingenting. Så då tenkte eg; «Jaja, då får eg halda meg vaken. Eg skal overleva dette her».
- Her kan du følgja 22.juli-rettsaka, med direkteoppdateringar frå Oslo tinghus.
Foreldra trudde ho var drepen
Og det gjorde Schwenke, som berre var 14 år då ho deltok på AUF sin sommarleir i juli i fjor.
Den no 15 år gamle jenta var den siste uidentifiserte av ungdommane på Utøya som blei funnen.
– Rundt klokka 13 på lørdagen fekk pårørande ved Sundvollen sjå den siste lista med namn på 15 overlevande. Foreldra mine las og las gjennom lista, men eg var ikkje der.
Ho blei frakta til Ullevål sjukehus i luftambulanse og blei lagd inn på intensivavdelinga. Den hardt såra jenta var ikkje vaken, og kunne følgjeleg ikkje gjera greie for seg.
– På det tidspunktet var eg ganske borte. Det siste eg hugsar er at dei klipper opp favoritt-bhen min. så hugsar eg ikkje meir, fortalde Tromsø-jenta i retten onsdag.
Foreldra levde lenge i uvisse, og trudde etterkvart at dottera var ein av dei drepne som låg att på Utøya.
– Det gjekk eit heilt døgn frå at det var ein som meinte han hadde sett Ylva frakta vekk frå Utøya uten at nokon visste kor ho befann seg, til den siste beskjeden om alle som var identifisert skadd på sjukehus kom uten Ylvas navn, seier stefaren Roger Ingebrigtsen til NRK etter Ylva Helene Schwenke sitt vitnemål.
Så sa politimannen på Sundvollen at «me har ei jente som ligg på Ullevål sjukehus som er hardt såra og som me ikkje kjenner identiteten til.
– Då dei fekk opplyst at den uidentifiserte hadde eit gammalt operasjonssår på halsen, forstod dei at det måtte vera meg, sa Schwenke i retten om situasjonen.
Stefaren seier at informasjonen kom på ein liten lapp.
– Til slutt kom det ein lapp om at det var ei jente til, med noen kjenneteikn. Mora skjønte då at det måtte vere Ylva på grunn av et fødselsmerke, seier Ingebrigtsen.
– Kirurgen trudde dei kom til å mista meg
Schwenke vakna opp i sjukehussenga med masse slangar i munnen og var veldig tørr i halsen.
– Ein sjukepleiar fortalde meg at gjerningsmannen var teken og at han ikkje kom til å skada meg meir.
Ein kirurg har i ettertid fortald henne at ho var ein av dei som dei måtte ha eit ekstra godt auge på, fordi ho var så hardt såra.
– Eg var ein av fire som dei trudde at dei kom til å mista.
– Går betre psykisk enn fysisk
Schwenke gøymde seg i skrenten saman med blant andre Cathrine Trønnes Lie frå Halden, som også overlevde Utøya-massakren og vitna tysdag denne veka.
- Les også: Cahtrine mistet lillesøsteren på Utøya
– På det tidspunktet hadde eg lukka meg veldig inn i meg sjølv. Når ein blir skoten blir ein på ein måte lukka inn i ei boble. Det var piping i øyro og eg var ganske fjern, det var som om eg eigentleg ikkje var der, fortel Schwenke.
Til slutt kom ein raud redningsbåt. Det var to politimenn som kom til unnsetning. Trønnes Lie opplyste betjentane om at Schwenke var skoten i begge beina og ikkje kunne gå. Ein annan overlevande fekk i oppgåve å overvaka pusten til Scwenke under overfarten.
I dag går det betre psykisk enn fysisk, seier Schwenke.
– Eg har aldri hatt så gode karakterar før, kanskje fordi eg får fritak frå gym, fortel jenta, ein kommentar som får tilhøyrararne i rettssal 250 til å humra.
Skuldera hennar kjem derimot aldri til å bli heilt god igjen. Schwenke har også nedsatt funksjonsevne i begge låra på grunn av stort muskeltap i beina etter operasjonar. Den unge jenta risikerer dessutan å måtte få utlagd tarm som følgje av skotskadane i magen.
– Skjuler du arra dine? spurde aktor Svein Holden under vitneforklaringa onsdag.
– Eg ber arra mine med verdigheit og har ingen problem med å visa dei. Eg ser på det som ein siger for demokratiet. Det er ein pris me må betala for demokratiet,
svara den unge Tromsø-jenta.