Den 18 år gamle kvinna frå Moss, som ønskjer å vera anonym, gav klart uttrykk for sine synspunkt på Breivik då ho forklarte seg for retten onsdag.
Ho sprang frå Kafébygget og nedover på Kjærleiksstien då massakren på Utøya starta den 22. juli i fjor. Saman med veninner gøymde ho seg under ei klippe.
– Me ser folk begynna å symja ut i vatnet. Etter ei stund høyrer me skrik og «pang pang pang». Då forstod me at han dusten der var der, sa den unge kvinna og viste til ein dresskledd Breivik på tiltalebenken.
Breivik smilte
Kommentaren utløyste latter i salen. Også den terrortiltalte smilte medan han såg ned i bordplata framfor seg.
Vitnet omtala også Breivik som «den tingen der», og svara med brodd då forsvarar Geir Lippestad fleire gonger gjentok spørsmål om kor langt unna vitnet var observasjonane ho gjorde på Sørspissen av ein samtale mellom ein liten gut og Breivik.
– Eg var meir oppteken av å berga livet mitt og ikkje av å måla lengda.
Vitnet frå Moss var på Sørspissen på øya. Ho såg mange rundt seg bli drepne og blei sjølv skoten i låret før ho kasta seg i vatnet. At Breivik sine kuler også hadde treft henne, forstod ho først etter at ho symde tilbake til Utøya då politiet kom.
– «Kjem eg til å bli lam? Korleis kan eg sjekka gutar då?», spurde eg politimannen som redda oss.
Salen humra godt av vitnet si forklaring.
– Breivik har mangel på sosiale antenner
Den unge kvinna blei operert ved Ullevål sjukehus på grunn av skotskaden i låret. Om foten vil bli som den ein gong var, vil ho først få svar på om nokre år, ifølgje dokterane.
– Eg slit med mitt. Eg må ta tredje året over to år og har tenkt mykje på kva eg kunne ha gjort annleis. Eg har tenkt veldig mykje på at det var han som gjorde det. Han har tydelegvis mangel på sosiale antenner, sa vitnet som sit i lokallagsstyret til AUF i Moss.
På spørsmål frå bistandsadvokaten om sitt politiske engasjement etter 22. juli, hadde 18-åringen ein klar beskjed til Breivik:
– Tiltalte har hjelpt meg til å bli meir politisk aktiv - takk!
Dei andre Utøya-overlevande som vitna onsdag var Ylva Helene Schwenke, Tarjei Jensen Bech, Andrine Johansen og ei anonym kvinne i slutten av tenåra frå Finnmark, som blei skoten fleire gonger i armen ved Kjærleiksstien.