NRK Meny
Normal

Ventar at fredag blir endå tøffare

Både aktoratet, forsvaret og bistandsadvokatane åtvarar om at fredagen kjem til å bli endå tøffare enn torsdagen i Oslo tingrett.

Mette Yvonne larsen

Bistandsadvokatane Mette Yvonne Larsen og Frode Elgesem ventar ein kanskje endå tøffare dag i retten fredag.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Fredag skal Anders Behring Breivik forklare seg om drapa på Utøya. Både forsvararar, bistandsadvokatar og aktoratet ber om at alle førebur seg på at det fredagen kan bli endå vanskelegare enn torsdagen har vore.

Dette sjølv om torsdagen er den tøffaste dagen av rettssaka hittil.

LES OGSÅ: Dette ble sagt i retten – dag fire

LES OGSÅ: – Som å få revet opp såret

Endå tøffare fredag

Trond Blattmann

Trond Henry Blattmann er leiar for Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli. Han er førebudd på at fredagen blir endå tøffare enn torsdagen.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Trond Henry Blattmann, leiaren for Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, er ein av dei som førebur seg på ein ny tøff dag i retten.

– Eg er sikker på at fredagen blir steintøff, og torsdagen var også svært bøs. Eg tenkjer på detaljane som kom fram om avrettingsmetodar. Og det at han snakka om borna våre som om dei skulle vere sjakkbrikker. Det einaste han er oppteken av er det forskrudde verdsbiletet sitt, seier leiaren for Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, Trond Henry Blattmann til NRK.no

– Vi har førebudd oss

Han reknar med ein ny tøff dag fredag, og han er førebudd på at dagen kan bli endå tøffare torsdagen, som verkeleg var ille nok.

– Vi har førebudd oss på dette i tre månader, og veldig mange av oss har fått ein gjennomgang og informasjon om det som kan kome. Men ein ting er heilt sikkert. Det er ein heilt anna ting å oppleve Behring i levande live enn å lese om det. Alle opplever det mykje sterkare å oppleve han snakke om detaljar frå drapa, seier Blattmann.

Sjølv om det er tøft, vil ikkje statsadvokatane skjerme retten for brutale detaljar.

– Det er ikkje opp til oss å føregripe forklaringa til Breivik. Men gitt at så mange er involverte, så blir det ein vanskeleg dag, sa aktor Svein Holden under pressekonferansen etter rettsmøtet torsdag.

LES OGSÅ: Sterke reaksjoner på Breiviks forklaring

LES OGSÅ: - Nei, jeg er ikke en barnemorder

Forsvarerne

Forsvararane Vibeke Hein Bæra og Geir Lippesetad er førebudde på ein ny tøff dag i retten fredag.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

– Verst for dei involverte

– Vi må hugse på at dei dette blir vanskelegast for, er dei som er involverte. Men det er trass alt det denne straffesaka handlar om, at så mange er drepne, sa aktor Inga Bejer Engh på same pressekonferansen.

Forsvarar Geir Lippestad meiner at rettsmøtet torsdag viser at Anders Behring Breivik har ei heilt anna kjensleregister enn alle andre. Han har også ei realitetsoppfatning som er heilt ulik, meiner han.

Koordinerande bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen seier dei har brukt mykje tid på å førebu klientane sine på det som skal skje fredag. Dei har gått gjennom Breiviks forklaringar og rekonstruksjonen av det som skjedde, slik at dei veit kva han kjem til å seie.

– Men det er likevel noko heilt anna å høyre drapsmannen fortelje om det sjølv, seier ho.

Aktoratet

Aktorane Inger Bejer Engh og Svein Holden reknar med ein svært tøff dag i retten fredag.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Ein usminka gjennomgang

Bistandsadvokat Frode Elgesem, som representerer AUF, seier det slik:

– Det blir ein usminka gjennomgang av det som skjedde på Utøya. Kvar enkelt må vurdere kor mykje dei skal få med seg, og alle må hugse på at det er lov å forlate salen, seier han.

LES OGSÅ: «Vi deler ønsket om å forstå»

LES OGSÅ: Åpnet kirkedørene under rettssaken