NRK Meny
Normal

Utøya-riving tidlegast i 2014

AUF sine Utøya-planar om riving og nybygg for 60 millionar kroner er krympa og utsette til 2014 etter protestar frå overlevande og etterlatne. Under toårsmarkeringa vil øya framstå som nærmast urørt sidan 22. juli.

Prosjektleiar i Styringsgruppa for "Nye Utøya" Jørgen Frydnes

– Basert på nye innspel, har me teke eitt steg tilbake og nedskalert og revurdert ein del av planane, seier, Jørgen Frydnes, prosjektleiar i Styringsgruppa for 'Nye Utøya'.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK
Trond Henry Blattmann

Trond Henry Blattmann i Nasjonal støttegruppe 22. juli seier det har vore viktig for mange etterlatne og overlevande å få utsett AUF sine planar om riving av bygg på Utøya.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Lukta av måling, nyslått gras og sagflis blandar seg med ein søt eim av raudkløver, engsoleie og hundekjeks under vandringa rundt Utøya torsdag ettermiddag.

I forkant av toårsmarkeringa av terroren på Utøya og i Oslo, har 40 frivillige brukt totalt 1400 timar på restaurerings- og vedlikehaldsarbeid.

I det store og det heile framstår øya i Hole kommune likevel som uendra to år etter grusomheitene.

Som følgje av usemje mellom AUF og Nasjonal støttegruppe om oppstarten for riving og nybygg, har ungdomsorganisasjonen sett seg nødd til å utsetja og nedskalera 60 millionarsplanen sin med mål om å gjenreisa leirstaden som ein politisk verkstad etter massakren.

Attreisinga av Utøya vil tidlegast starta i siste halvdel av 2014, opplyser styringsgruppa for «Nye Utøya» til NRK.

– Me er samde med støttegruppa og dei etterlatne om at me må ta oss betre tid i denne prosessen, fortel prosjektleiaren i styringsgruppa, Jørgen Frydnes.

– Etterlatne og overlevande treng meir tid

Over leirplassen på Utøya ruvar det lange, grøne Kafébygget. Ugraset slyngjer seg opp langs veggene og forsterkar inntrykket av at bygninga for lengst har sett si glanstid.

«Utøya. Welcome to the island. The nordic paradise», står det på ein falma plakat i kioskluka.

Planen som AUF la fram for «Nye Utøya» i september 2012 inkluderer blant anna riving av Kafébygget og Pumpehuset, der totalt 27 menneske vart skotne og drepne av terroristen.

Fleire av dei overlevande og etterlatne har uttalt seg i svært kritiske ordelag om planen. Utøya-overlevande Bjørn Ihler åtvara i ein Aftenposten-kronikk mot å «trampa på grava til dei døde».

– Me bad om ei utsetjing av blant anna Kafébygget fordi mange av dei etterlatne og overlevande trong meir til til å venda seg til tanken, fortel leiaren for Nasjonal støttegruppe 22. juli, Trond Blattmann.

Sonen til Blattmann, Torjus (17), var ein av dei 69 som vart drepne av terroristen på Utøya.

For Støttegruppa har det vore viktig å la øya stå urørt, for at fleire skal få sjansen til å koma dit og sjå den tilnærma slik den var 22. juli 2011. Fleire etterlatne og pårørande frå fjern og nær vitjar Utøya for første gong under toårsmarkeringa.

– Det handlar om den kjenslege belastninga det er å riva bygg der familiar har mista sine kjære så fort etter at det skjedde. Hovudfokuset vårt var å få utsett rivinga til ut 2014. No startar dei til hausten neste år, og det er me godt nøgde med, seier Blattmann.

– Blir nøkternt og nedskalert

Blattmann i Støttegruppa understrekar at det var tidsperspektivet og ikkje innhaldet i planane til AUF som vekte sterke reaksjonar.

– Støttegruppa sitt syn er at Utøya er AUF si øy. Dei styrer og rår over den som dei vil, og svært mange er positive til at AUF skulle byggja opp att øya, seier han.

Medan bygging og riving lét venta på seg, jobbar 40 frivillige på høggir for å gjera øye representabel for dei som snart kjem dit for å minnast dei døde.

Ein traktor køyrer opp og ned bakkane i skytteltrafikk med diverse reiskapar og treplankar. Svette menn i overallar plantar blomar i bedd med mørk og fuktig jord.

Ein lang gard av nye trekvite pålar skil Kjærleiksstien frå dei bratte skrentane ned mot Tyrifjorden. Berre eit lite parti har blitt ståande utan nytt gjerde, etter ønske frå dei etterlatne

Styringsgruppa for «Nye Utøya» tek sjølvkritikk og erkjenner at dei ikkje har vore flinke nok til å inkludera dei terrorråka sine synspunkt i planarbeidet.

Ifølgje prosjektleiar Jørgen Frydnes har dialogen blitt langt betre, men det er framleis uklart kva som skal skje på Utøya. Prosjektet blir uansett mindre omfattande enn det som blei førespegla ved presentasjonen i 2012.

– Basert på nye innspel har me teke eitt steg tilbake og nedskalert og revurdert ein del av dei opprinnelege planane. Me ser føre oss eit ganske nøkternt og nedskalert nybygg, seier prosjektleiaren, som understrekar at planane framleis er på diskusjonsnivå.

– Viktig å ikkje laga mausoleum

Steinar Ekvik

Prest og sorgekspert Steinar Ekvik er medlem i Helsedirektoratet sitt samarbeidsorgan for helserelatert og psykososial oppfølging etter 22. juli.

Foto: Privat bilde

Prest og sorgekspert Steinar Ekvik trur gjenreisinga av Utøya vil ha ein positiv effekt på sorgprosessane til dei etterlatne, overlevande og pårørande etter terroren.

– Det kan nok vera mange ulike meiningar om det, på lik linje med Regjeringskvartalet. Uansett trur eg det er viktig at ein ikkje lagar mausoleum, at alt skal stå urørt og at ein skal ta vare på alt, seier presten.

Han er medlem i Helsedirektoratet sitt samarbeidsorgan for helserelatert og psykososial oppfølging etter 22. juli. Ekvik var tidlegare sjukehusprest ved Radiumhospitalet og har skrive mange bøker om sorg.

– Tida går, og øya er jo den same. Men ein må vedlikehalda, fornya og restaurera bygningar. Det er også noko ved sorgen som på amerikansk blir uttrykt som at «a new start starts with an ending».

– Om ein skal koma vidare og starta på nytt, må ein også avslutta det på ein god måte. Når ein mister nokon på ein så tragisk og vond måte, er det å vera til stades på slike minnemarkeringar noko godt i det vonde, legg Ekvik til.