Hopp til innhold

-Ikkje hyggeleg å tenke på at journalistar var terrormålet

Eit av terrormåla til Breivik er journalistar. Ved Høgskulen i Volda klarer dei ikkje å ta det seriøst.

Journaliststudentar i Volda

Anja Storbråten, Eivind Lauritsen, Sindre Sunde Tveit er journaliststudentar ved Høgskulen i Volda og lagar studentradio.

Foto: Jørgen Lyngvær

Jørgen Lyngvær

Jørgen Lyngvær er lærar på journalistutdanninga i Volda.

Foto: Eivind Lauritsen

Under rettssaka tirsdag kom det fram at det eigentlege målet til Anders Behring Breivik var journalistkonferansen SKUP.

Han sa også at journalistfakulteta på Høgskulen i Volda og Universitetet i Oslo er totalt dominert av marxistiske lærarar. I manifestet sitt har han skreve at slike institusjonar er eit terrormål.

Ikkje seriøst

I Volda har både lærar og studentane vanskeleg for å ta Breivik sine utsegn seriøst.

– At journalistutdanninga på Høgskulen i Volda skal vere ein treningsleir for kulturmarxisme, slik Breivik hevdar, kjenner eg meg ikkje att i, seier lærar Jørgen Lyngvær.

Ubehageleg

Sjølv om skulen skal ha vore nemnt som ein av fiendane i manifestet til Breivik, har dei aldri tenkt at dei ikkje var trygge.

– Men det er jo ubehageleg, seier journaliststudent Eivind Lauritsen.

Han går 2. året og er i gang med internpraksis saman med 92 andre studentar.

Likar ikkje tanken

Jan Ytrehorn har ansvaret for journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda, og han likar ikkje tanken på at journalistar var målet.

– Når vi ser i ettertid kva han har gjort, er det ikkje hyggjeleg å tenke på at journalistutdanninga kunne vere eit terrormål. Men det var jo reint hypotetisk, seier Ytrehorn.

Brukar tid på rettssaka

No er det straks redaksjonsmøte for studentane. Dei komande journalistane lagar mest lokale saker frå Volda og nærområdet, men har gjort intervju med ungdomar som var på Utøya. Eivind Lauritsen førebur studentradiosending til i morgon, men innimellom blir det god tid til å følgje med på rettssaka.

– Vi pratar om rettssaka heile tida. Eg trur det er det viktigaste som har hendt på mange år, seier studenten. Han fylgjer med på korleis journalistane opptrer, kva kjelder dei vel og kva dei ikkje fortel.

Etter rettssaka vil skulen systematisere dette meir og bruke det i utdanninga framover.



Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.