Hopp til innhold

– Ikkje viktig for rapporten at Breivik har tilpassa seg

SAL 250 (NRK.no): Dei sakkunnige rettspsykiatrane Agnar Aspaas og Terje Tørrissen ser at Anders Behring Breivik har moderert seg, men meiner det ikkje er av avgjerande betyding for tilreknelegheits-konklusjonen.

Agnar Aspaas (t.h.) og rettspsykiater Terje Tørrissen

Rettspsykiatrane Agnar Aspaas (t.h.) og Terje Tørrissen legg måndag fram sin rapport om Breiviks mentale helse.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det største ankepunktet mot rapport nummer to om Breiviks psyke, er at observasjonen fann stad etter at Breivik hadde fått tilgang til media og til den første psykiatrirapporten.

Breivik har sjølv erkjent at han har moderert seg etter å ha fått kjennskap til ytre reaksjonar på påstandane og framferda hans.

Den rettsmedisinske kommisjonen sine innvendingar mot rapporten til Aspaas og Tørrissen går også på om dei to sakkunnige har teke nok høgde for at såkalla falsk negativ - at Breivik har lurt dei til å tru at han ikkje er psykotisk.

I retten måndag var psykiater-duoen tidleg ute med å svara på kritikken:

– Den politiske overtydinga hans er ikkje annleis no enn då, berre måten han snakkar om den på. Han målber dei same standpunkta, med unntak av Knight's Templar og eit par andre punkt, Tørrissen.

LES OGSÅ: Dette er de sakkyndige uenige om

Motstridande rapportar

Førre veke brukte dei sakkunnige Synne Sørheim og Torgeir Husby to lange rettsdagar på å leggja fram si erklæring og å argumentera for at deira konklusjon er den riktige: Breivik var og er paranoid schizofren, psykotisk og strafferettsleg tilrekneleg.

Måndag får retten høyra det stikk motsette: Breivik er ikkje psykotisk og kan få fengselsstraff. Sakkunnig-duo nummer to er heller ikkje i tvil om sin konklusjon.

– Me føler at me har grunn til å trekkja konklusjon og svara på mandatet, starta rettspsykiater Terje Tørrissen då han måndag inntok vitneboksen saman med kollega Agnar Aspaas.

Psykiater-duoen meiner Breivik lir av «ein viss dyssosial og ein viss narsissistisk personlegdomsforstyrring» (sjå faktaboksar til høgre). Dei fann han ikkje psykotisk, korkje på gjerningstidspunktet eller under observasjonen av han, og meiner difor han kan få fengselsstraff.

Dei sakkunnige las under sin presentasjon for retten opp sentrale funn i observasjonen av Breivik.

  • Ingen positive symptom på psykose eller hallusinasjonar
  • Pasienten framstår rigid og fastlåst i sine ideologiske førestellingar
  • Om pasienten lir av paranoid schizofreni, må det vera ein a-typisk versjon underteikna ikkje har kjennskap til
  • Kriteria for Asperger, ADHD og Tourettes er ikkje oppfylte
  • Dei narsissistiske trekka er meir uttalte og gjennomgripande enn dei dyssosiale trekka.
  • Høg risiko for framtidig vald

Oppfyller sju av ni narsissisme-kriterium

Tørrissen og Aspaas meiner Breivik skårar positivt på sju av dei totalt ni kriteria for narsissistisk personlegdomsforstyrring(sjå faktaboks til høgre). Kravet for å gje diagnosen er minst fem av ni. Det er berre kriterie nummer seks og åtte, misunning og utnytting av andre, dei ikkje har sikker dokumentasjon på.

– Det kriteriet om utnytting av andre og parasittisk livsførsel nedtonar me. Ein kan sjå på det at han flytta heim som parasittisk, men han betalte jo for seg, poengterer Tørrissen.

Grandiositeten er derimot overveldande, ifølgje dei to sakkunnige.

– Det er ikkje tvil om at observanden har høge tankar om eigen betyding. Titlar som ridderjustitiarius, utmerkingar han har gitt seg sjøl og uniformar vitnar om betydeleg grandiositet.

Kriteriet om arrogant haldning var det heller ikkje i tvil om at var til stades hjå Breivik.

– Me meiner arroganse er ganske tydeleg til stades gjennom mange år, sa Tørrissen og framkalla med det eit breitt smil hjå Breivik.

LES OGSÅ: Ny Breivik-rapport er den største i noregshistoria

Overfladisk sjarm og likesæle

Breivik oppfyller også kriteria for dyssosial personlegdomsforstyrring, ifølgje dei to sakkunnige.

Når det gjelder skåring av PCL (psykopati) skårar han på manipulerande åtferd, glattheit, overfladisk sjarm, storheitsidear om eiga rolle og person.

Dei viser til normbrytende åtferd, ignorering av reglar og forpliktingar og manglande evne til å oppfatta skuldkjensle over mange år. I tillegg vurderer dei han som likesæl til andre sine kjensler.

– Han setter andre i fare, tek ikkje ansvar for eigne handlingar, legg Tørrissen til.

Det var også mindre alvorlig ungdomskriminalitet, som då Breivik blei politimeld for tagging fleire gonger i 1994. Han blei også arrestert av politiet med ein bag full av sprayboksar på toget til København same året.

– Tagging i seg sjølv må vel ikkje oppfattast som ein dyssosial åtferd, men det er eit lovbrot. Han var med i et miljø med mogleg dyssosial tilknyting.

Alt dette er ifølgje Tørrissen og Aspaas teikn på psykopatiske trekk.

Mor til Breivik trekt i begge retningar

Tørrissen og Aspaas brukte måndag god tid på å gjennomgå politiet sine avhøyr av, og dei førre sakkunnige sine samtaler med, mor til Breivik.

Medan sakkunnige Husby og Sørheim langt på veg nytta utsegn frå mor til å underbyggja sin konklusjon om utilreknelegheit, trekte Tørrissen og Aspaas fram forklaringar frå mor til å støtta opp om det motsette - at Breivik ikkje var eller er psykotisk:

«Kvifor skulle han drepa menneske på Utøya? Han var jo ein bonde på Elverum. Han hadde hatt det så fint og var så begeistra. Jobba som berre det, og var sliten og nøgd», sa mora under det fjerde politiavhøyret.

Psykiatrispesialist Kjersti Narud har bite seg merke i at Tørrissen og Aspaas avdramatiserer bekymringane til mor.

– Aspaas og Tørrissen understrekar ungdomsåra spesielt, og vektar det dyssosiale. Dei nedtonar også bekymringane til mor, noko som byggjer opp under personlegdomssforstyrringa som dei har konkludert med, kommenterer Narud.

Husby og Sørheim trekte derimot fram at mor meiner sonen forandra seg mykje i løpet av 2010.

Då han ein dag kom ut av rommet sitt iført «ei uniformsjakke med masse emblem», lura mora på om han var blitt gal:

«Eg lura jo på om han begynte å bli heilt gær'n, og det blei etter kvart eit ubehag, ekkelt, og det føltes utrygt. Som om eg ikke kjende han lenger», har ho forklart.

Aspaas og Tørrissen

Agnar Aspaas og Terje Tørrissen kjem ut frå Ila fengsel etter ein av sine 11 samtalar med Breivik. Både dei og det første sakkunnig-paret hadde totalt rundt 40 timar samtaletid med tiltalte.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

– Aksjehandel viser kognitivt nærvær

Aksjehandelen og den omfattande svarte økonomien til Anders Behring Breivik, vitnar om at han har vore kognitivt til stades og klart å setja seg inn i ting, meiner dei sakkunnige som vitnar i retten måndag.

– Politietterforskinga viser betydeleg aktivitet i aksjemarknaden. Det krev at ein set seg inn i marknaden, seier psykiater Tørrissen

Dei to trekkjer også fram at tiltalte har søkt kreditt frå ulike selskap. Han har sendt mange brev med opplysningar om seg sjølv for å få lån.

– Dette var i 2010-2011 og dette viser eit funksjonsnivå som er betre enn ein skulle tru, seier Tørrissen, som samstundes understrekar at dette åleine ikkje var tilstrekkeleg for utelukka psykose.

– Det som for oss har vore viktig er å sjå på økonomien hans i forhold til funksjon og psykisk sjukdom. Dette utelukkar ikkje psykose. Me har ikkje konkludert på dette nivået. Me skildrar funksjonsnivået utifrå den dokumentasjonen som er, seier Tørrissen.

Under ein samtale med ein av psykologspesialistane i Ila-teamet, den kommunale helsetenesta ved Ila, sa Breivik at han oppfatta svingingane i aksjemarknaden i verda som eit resultat av hans "aksjon" den 22.juli fjor.

Psykologspesialisten tolka dette som ei grandios vrangførestelling, noko dei to sakkunnige poengterte under vitnemålet sitt måndag.

Konfrontasjon som taktikk

Då Breivik blei beden av Aspaas om å snakka om bakgrunnen sin, trekte han fram to forhold som han meiner er vktige for å forstå han.

– Det eine er dragning mot alfahannar, det andre er negative opplevingar med muslimar, fortel Aspaas under framleggingane av samtalane for retten i dag.

I samtalane med Breivik hadde Aspaas og Tørrissen ein spesiell taktikk for å avdekkja moglege trekk på psykose. Aspaas seier han starta opent og lot tiltalte snakka meir eller mindre fritt.

– Han snakka mykje og detaljert om fleire emne. Etter kvart tok eg meir initiativ for å kasta lys over fleire tema. I dei siste samtalane var me meir konfronterande, fortel Aspaas.

– Bakgrunnen for bruk av semistrukturert intervju er for å snu på alle steinar for å avdekkja psykisk sjukdom, utdjupa Tørrissen

Å veksla mellom fri dressur og konfrontasjon i samtalane med pasienten er ein god metode for å avdekkja psykotiske symptom, forklarar psykiater Erik Rønneberg Hauge som svarar NRK.no sine lesarar i dagens nettmøte.

– Nokon kan nok bli sinte, påståelege og argumenterande dersom dei blir motsagde og utfordra. Andre kan bli meir tause. Dei forstår at her er dei på tynn is og avviser vidare svar eller dialog. Det er ikkje alltid så lett å fanga opp symptom med ein gong, men etterkvart som pasienten blir litt «varm i trøya» kjem dei oftast på gli, opplyser Hauge.

Fekk mandat etter furore

Erklæringa til Aspaas og Tørrissen byggjer på samtalane dei har hatt med han, saksdokument frå blant anna politi, barnevernet og Statens senter for barne og ungdomspsykiatri og ein tre veker lang tvungen døgnobservasjon jf §167 i Straffeprosesslova.

Både Ila-teamet, rådgjevar i fengselet Randi Rosenqvist og observasjonsteamet som overvaka Breivik heile døgnet i tre veker, støttar opp om Tørrissen og Aspaas si vurdering av tiltalte som ikkje psykotisk.

LES OGSÅ: 16 av 17 i observasjonsteamet mener Breivik kan straffes

Det er knytta stor spenning til Tørrissen og Aspaas si framlegging av den rettspsykiatriske rapporten i retten. Etter stor ståhei rundt dei første rapporten som erklærte Breivik utilrekneleg, fekk dei to i oppgåve å vurdera mannen bak 22. juli-terroren på ny. Resultatet var ein konklusjon i motsett retning, og forvirringa var total.

Den 10.april leverte psykiatrispesialistane Aspaas ogTørrissen ein overraskande rapport om sinnstilstanden til Anders Behring Breivik. I motsetning til dei to første sakkunnige, konkluderte Tørrissen og Aspaas med at den terror-tiltalte 22-åringen ikkje var psykotisk då han 22.juli i fjor drap 77 menneske.

Les heile pressemeldinga om rapporten her

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.