Hopp til innhold

– Som utilrekneleg kan Breivik bli ei stor plage for samfunnet

OSLO TINGHUS (NRK.no): Slepp Anders Behring Breivik tidlegare ut i samfunnet dersom han blir erklært utilrekneleg? Advokat Harald Stabell fortel om kva konsekvensar det får for samfunnet om 22.juli-terroristen får den eine eller andre straffereaksjonen.

Anders Behring Breivik med handjern i rettssal 250.

Vil Anders Behring Breivik kunne gå raskare fri dersom han blir erklært utilrekneleg? Nei, seier advokat Harald Stabell. Men Breivik vil kunne be om ny handsaming av saka langt tidlegare under tvunge psykisk helsevern.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Etter ti veker med forhandlingar i Oslo tingrett, går noregshistorias største rettssak i fredstid no mot slutten. Fredag er siste rettsdag, og påtalemakta legg ned påstand om straff mot terror-tiltalte Anders Behring Breivik.

I juli eller august kjem dommen. Skuldspørsmålet er det ikkje tvil om. Det viktigaste som dommarane må ta stilling til, er om Breivik kan få fengselsstraff, eller om han er så psykisk sjuk at han må få ein særreaksjon - dom på overføring til tvunge psykisk helsevern.

Spørsmålet mange stiller seg, er om val av straffereaksjon vil påverka kor lenge rettsstaten kan halda Breivik innesperra.

– Innesperra uansett om han er farleg

– For alle praktiske føremål blir denne mannen sitjande innesperra. Om det blir for heile livet, veit me ikkje. Han har jo eit langt liv framfor seg, seier Harald Stabell.

Men ifølgje den erfarne strafferettsadvokaten er det ikkje grunn til å uroa seg. Farlege lovbrytarar får ikkje gå fritt rundt i samfunnet.

– Det spelar ikkje noko rolle om han blir dømd til det eine eller det andre. Så lenge han er farleg for omgjevnadene og samfunnet vil han bli sitjande innesperra enten i fengsel eller på ei lukka psykiatrisk avdeling.

Harald Stabell

Val av straffereaksjon mot Anders Behring Breivik vil vå konsekvensar for kor tidleg han kan krevja at saka blir handsama på ny, opplyser strafferettsadvokat Harald Stabell.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Kva skjer om Breivik blir friskmeld?

Kva vil skje om Breivik blir overførd til tvunge psykisk helsevern for behandling, men seinare blir erklært frisk?

– Om han blir erklært frisk vil han på grunn av faren for gjentaking bli flytta over til ein fengselsanstalt. Der vil han ganske sikkert bli plassert på ei eiga avdeling, ikkje saman med andre fangar, fordi han blir vurdert som farleg, fortel Stabell.

Utilreknelege lovbrytarar som blir erklært friske, kan nemleg nemleg bli flytta over på ein forvaringsdom - fengsel på ubestemt tid.

– Det er samfunnsvernet og faren for gjentaking av straffbare handlingar som står i sentrum, opplyser Stabell.

Konsekvensar for anke

Kva reaksjon dommarane fell ned på i saka mot Breivik, vil likevel kunne få konsekvensar for samfunnet - på det prosessuelle planet.

Ved overføring til tvunge psykisk heslevern kan den domfelte nemleg krevja å få saka si prøvd ut på ny etter tre år. Deretter kan han be om ei ny handsaming kvart einaste år.

Ved forvaring kan tiltalte først krevja seg lauslaten etter minimum ti år bak murane.

– Det er klart det vil bli ei stor plage og vond oppleving for dei etterlatne og for samfunnet, og ei stor tyngsle for rettsystemet, seier advokaten.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.