NRK Meny
Normal

SSB-forskar ville vitna - erstatta med SSB- kritikar

OSLO TINGHUS (NRK.no): SSB-forskar Lars Østby skulle ha vitna om innvandringsstatistikk, men Breivik-forsvararane erstatta han med ein høgreorientert SSB-kritikar. Under vitnemålet hagla det med påstandar om at SSB pyntar på innvandringstala.

Lars Østby

Lars Østby er forskar ved Statistisk sentralbyrå. Han skulle ha vitna om innvandringsstatistikk, men blei erstatta med ein krass SSB-kritikar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

SSB-forskar Lars Østby var stemna inn av forsvararane for å vitna om innvandringsstatistikken i Noreg, men blei fjerna frå vitnelista.

– Forsvararane ville først ha meg på vitnelista, men ombestemte seg. Då ligg det vel litt i korta at dei ikkje er tent med det, seier SSB-forskar Lars Østby til NRK.

– Ville ha stilt opp

Ole Jørgen Anfindsen

Den verdikonservative samfunnsdebattanten og forfattaren Ole Jørgen Anfindsen vitna som sakkunnig om forsking på demografisk utvikling i Noreg. Under vitnemålet kom han med påstandar om korrupsjon i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Foto: Privat

I dag vitna i staden den høgreorienterte samfunnsdebattanten og statistikaren Ole Jørgen Anfindsen om det same temaet - innvandringsstatistikk og forsking på demografisk utvikling i Noreg.

Under vitnemålet sitt gjekk han fleire gonger i strupen på SSB, som han meiner underrapporterer om innvandringa til Noreg.

Forsvarar Tord Jordet stadfestar at det var forsvarar-teamet til Breivik som droppa Østby som vitne i saka.

– Det var me som tok avgjerda om at Østby ikkje skulle vitna. Det blei gjort etter ei heilheitsvurdering, seier Jordet til NRK.

Østby vil ikkje kommentera kritikken frå Anfindsen, men seier han ville ha stilt opp i vitneboksen dersom forsvaret ikkje hadde stroke han frå vitnelista, sjølv om han trur det ville ha vore ubehageleg.

– Når rettsstaten Noreg skal møta Breivik på denne måten, synest eg ikkje at ubehaget skulle stoppa meg. Særleg ikkje når ein ser kva dei fornærma som har vitna har gjennomgått. Eg meiner det ville ha vore rimeleg av meg å møta dersom retten meiner eg har sakskunnskap som er relevant, avsluttar Østby.

– Tåkelegging og underrapportering

Anfindsen er redaktør for den innvandringskritiske og verdikonservative nettstaden honestthinking.org og forfattar av boka Selvmordsparadigmet. Han jobbar også med statistisk dataanalyse i Det Norske Veritas.

I retten tysdag skulda Anfindsen Statistisk sentralbyrå (SSB) for tåkelegging, underrapportering og korrupsjon i samband med sine framskrivingar om den demografiske utviklinga i Noreg.

Han hevda også at tidlegare statsminister Kåre Willoch med viten og vilje skjulte informasjon om innvandringsutviklinga på 1980- og 90-talet.

Video 9f51f41c-4879-4b0d-9175-4062e101d8bf.jpg

VIDEO: Ole Jørgen Anfindsen om Willochs kronikk.

Forskingsdirektøren i SSB, Torbjørn Hægeland, svara i går på ein del av kritikken som Anfindsen la fram i retten i dag. Han presiserte at det ikkje er politiske føringar, men svakheiter i metodebruken som er årsaka til at prognosane slår feil ut.

– Me arbeider kontinuerleg med metodane våre. Me legg heller ikkje skjul på at det er vanskeleg å gje presise anslag på innvandringa framover, spesielt for den delen som i praksis er fri, altså innvandringa frå EØS-omtrådet, sa direktøren.

Etter at Anfindsen i éin time hadde kritisert Willoch og SSB frå vitneboksen, braut fagdommar Wenche Arntzen inn:

– Spørsmålet er korleis Breivik kan ha blitt inspirert. Me er ikkje så interesserte i dine meiningar, sa Arnzen til vitnet.

Ho følgde opp med ei rekkje kritiske spørsmål til forsvarar Geir Lippestad.

– Eg tykkjer dette gir ei litt merkeleg bevisføring, sa Arntzen.

Omdefinert for sakkunnig-status

Forsvararane stemna i utgangspunktet Anfindsen som sakkunnig ekspertvitne, men Oslo tingrett overprøvde deira vurdering, og gav den høgreorienterte sammfunnsdebattanten status som ordinært vitne.

Deretter endra forsvararane mandatet til Anfindsen, og tema for vitnemålet.

Han skulle opprinneleg snakka om høgrerorientert tankegods som florerer i bloggosfæren, i kraft av sin kjennskap til verdikonservative debattforum på nettet.

For å få han godkjent som sakkunnig, omdefinerte forsvararane Anfindsen til statistikar og forfattar som skulle vitna om forsking på demografisk utvikling og innvandringstrenden i Noreg.

Video - Det er ytterkantene vi nå får se

- Det er ytterkantane me no får sjå, seier politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle om dagens vitne i 22. juli-rettssaka.

«Missing link»

Politisk redaktør i Aftenposten, Harld Stanghelle meiner vitnemålet til Anfindsen fall utanfor saka.

– Anfindsen har i mange år vore oppteken av SSB sine demografiske framskrivingar, og ein aktiv kritikar av den. Men i rettssalen dreier saka seg om Breivik, det han har gjort og hans tankeunivers. Det blei ein «missing link» mellom det vitnet la vekt på og det dommarane vil kasta lys over, seier Stanghelle.

Stanghelle ser likevel at forsvararane kan ha hausta prosedyrepoeng på Anfindsen si forklaring.

– Han er den første frå den innvandringskritiske sida som har vitna. Dei som tidlegare har vitna har vore enten nøytale eller helt mot venstresida. Slikt sett gav Anfindsen prosedyrepoeng til Geir Lippestad, men det tok tid før det poenget kom, seier Stanghelle til NRK.