Hopp til innhold

Ingen rettspsykiatri-tiltak på trappene

Psykiatrar og psykologar etterlyser politisk handling for å styrkja rettspsykiatrien etter 22. juli-rettssaka. Så langt har justisministeren ingen konkrete tiltak på bordet.

Grete Faremo

- Det er viktig å få ein breid analyse, også i lys av reglane i land rundt oss, seier justisminister Grete Faremo om den varsla gjennomgangen av norsk rettspsykiatri.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Justisminister Grete Faremo (Ap) lova i april å utpeika eit utval til å sjå på den norske rettspsykiatrien si rolle. Det skulle skje når 22. juli-rettssaka var over.

Fredag blei det sett punktum for rettsoppgjeret mot Anders Behring Breivik. Etter å ha fillerista utilreknelegheits-erklæringa frå dei første sakkunnige, gav dommarane massedrapsmannen ein forvaringsdom på 21 år.

– Eg ber om respekt for å avstå frå å kommentera denne dommen før den er rettskraftig. Men eg meiner det var ein viktig dag i nasjonens liv me var vitne til i går. Eg har også registrert utsegn frå svært mange av dei pårørande, seier Faremo til NRK.

Men gjennomgangen av rettspsykiatrien, som her i landet har stor makt i spørsmålet om ein lovbrytar kan straffast eller ikkje, let venta på seg.

– Viktig å venta på dommen

– Det var viktig å avventa denne rettssaka først. Men eg var tidleg oppteken av korleis me kan ta læring av 22. juli-rettssaka, med det omfanget og alvoret den har i seg, fortel justisministeren.

Kven som skal sitja i det varsla utvalet, kva mandat det skal ha og kor lang tidsramme det får til gjennomgangen av norsk rettspsykiatri er framleis uklart.

– Det er naturleg at både rettspsykiatrien og jussen er godt representert, men eg er også open for å ta med andre rettsdisiplinar. Det er viktig å få ein breid analyse, også i lys av reglane i land rundt oss.

Faremo seier utvalet blant anna vil få i oppgåve å gjennomgå mandatet til dei sakkunnige og til Den rettsmedisinske kommisjon (DRK). I tillegg ønskjer statsråden svar på om det er føremålstenleg å behalda det medisinske prinsippet, som me i Noreg legg til grunn for vurderinga av straffansvar eller ikkje.

Både Sverige og Danmark nyttar det psykologiske prinsippet, som i motsetning til det medisinske opnar for å straffa psykotiske gjerningspersonar - det er ingen automatikk mellom psykose og utilreknelegheit.

– Eg vil ikkje konkludera på dette punktet. Her er det viktig at utvalet gjer ein grundig gjennomgang og legg eit godt grunnlag for både regjeringa og Stortinget som deretter skal drøfta dette grundig, seier Faremo.

De sakkyndige psykiater Henning Værøy (f.v.) og psykolog Pål Grøndahl snakker med forsvarer Gunhild

Psykiater Henning Værøy (t.v.) og psykologspesialist Pål Grøndahl etterlyser ein 'rettspsykiatriens 22. juli-kommisjon' for å få fagdisiplinen på rett kjøl.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Etterlyser politisk handling

Konkrete vedtak og endringar eer dermed langt unna. Det frustrerer fire anerkjende psykiatrar og psykologar, som saman med ein jussprofessor har lagt fram ei liste med ti forslag til vedtak som dei meiner kan fjerna krisestempelet som norsk rettspsykiatri har fått under 22. juli-rettssaka.

– Det er på tide med politisk handling, det har vore mange utgreiingar i form av utval og høyringar opp gjennom åra. Det er politikarane sitt ansvar å gje rettspsykiatrien gode rammevilkår slik at dei er i stand til å bistå domstolane på ein god måte, seier psykologspesialist Pål Grøndahl.

Grøndahl er samd med justisministeren i at det er bra med ein grundig gjennomgang, men etterlyser fortgang.

– Me bør få ein «rettspsykiatriens 22. juli-kommisjon», som kjem med klare tilrådingar innan eitt år. Deretter må politikarane følgja opp med rask handling, seier den erfarne rettspsykologen.

Han får støtte frå psykiater Henning Værøy:

– Det bør opprettast ein breid, tverrfagleg kommisjon til å sjå på heile rettspsykiatrien. Dei sakkunnige har i dag ganske stor makt. Tilreknelegheitsspørsmålet er ei rettsavgjerd som dommarane må ta stilling til. Mandatet til dei sakkunnige må endrast i lova, slik at dei i større grad kan driva med det dei skal driva med – sitt fagfelt

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.