NRK Meny
Normal

Smilande og samla, men mista maska

OSLO TINGHUS (NRK.no) Anders Behring Breivik flira fleire gonger under aktor sitt innleiingsføredrag. Han såg ned og viste ingen kjensler då statsadvokaten las opp namna på dei drepne, men gret over eigen propagandavideo.

Video Breivik sine reaksjonar første rettsdag

Her kan du sjå fleire klipp som viser Breivik sine reaksjonar på det som blei sagt i retten første rettsdag.

Terrortiltalte Anders Behring Breivik kom rakrygga inn i rettssal 250 då den ti veker lange rettssaka mot han starta i dag. Nykjemma og kledd i svart dress heldt han ei nøgd mine då han handhelste på aktoratet.

Statsadvokat Inga Bejer Engh brukte heile 74 minutt på å lesa opp tiltalen mot den 33 år gamle gjerningsmannen, med namna til alle dei 77 drepne.

Breivik sat nesten urørleg og lyfta ikkje blikket medan Bejer Engh skildra dei brutale drapa.

– Under opplesinga av både tiltalen og loggen over kva skjedde den 22.juli, framstod Breivik som upåverka og viste ingen kjensler, oppsummerer psykiatrispesialist Kjersti Narud.

Narud vurderer Breivik si åtferd som roleg, upåverka og omtrent slik ho hadde venta.

– Han har framleis ikkje vist empati eller anger i forhold til dei påklaga handlingane. Han framstår tilsynelatande upåverka ved ansiktsuttrykk og mimikk. Han framstår utan evne til å ta inn over seg dei konsekvensane ugjerningane har hatt for andre menneske enn han sjølv, utdjupar Narud.

Video Breivik hører om alle drapene på Utøya

Breivik høyrer om alle drapa han utførde på Utøya den 22.juli 2011.

Breivik felte tårer

– Så kjem denne filmsnutten som viser korleis han ser på seg sjølv som ein riddar i ei verd få av oss kan forstå. Me ser at han blir rørd av seg sjølv og den rolla han har skapa seg, legg Narud til.

Gjerningsmannen brast nemleg plutseleg ut i gråt då statsadvokatane Bejer Engh og Svein Holden viste fram ein tolv minuttar lang propagagandafilm som Breivik la ut på YouTube før han køyrde bombebilen til Regjeringskvartalet.

Det var første gongen Breivik viste kjensler offentleg. Han hadde i politiavhøyr varsla at han kom til å bli oppfatta som kald fordi han var i «showmodus», men at han likevel frykta at presset ville få han til å bryta saman, ifølgje VG.

Også advokat og ekspertkommentator for NRK, Frode Sulland, vart overraska over denne reaksjonen.

– Det me ser undervegs her er at maska sprekk. Me kan ikkje utelukka at det vil skje fleire gonger i løpet av rettssaka, seier Sulland

Video Breivik gråter under visning av sin egen propagandafilm

Breivik gret under visninga av sin eigen propagandafilm.

Smilte ofte

Under innleiingsføredraget gjekk Holden gjennom ulike moment i Breiviks liv, og førebuinga av terroråtaka.

Breivik fulgde nøye med og noterte flittig. Han smilte tydeleg fleire gonger i løpet av det tre og ein halv time lange føredraget, blant anna då retten fekk sjå bilete av dei heimelaga uniformane hans, og då statsadvokaten refererte til Knights Templar, salet av falske diplomar og online-spelet World of Warcraft.

Breivik smiler ofte, også i samtalane som dei sakkunnige har hatt med han og i politiavhøyr. Til politiet har Breivik forklart at smilet ikkje tyder at han tykkjer det er bra.

– Smilet er ein vernemekanisme, ein måte å takla kjensler på som ikkje tyder at eg er sjuk i hovudet, har Breivik forklart.