Hopp til innhold

Rettspsykiater blei i tvil under rettssaka

SAL 250 (NRK.no): Midt i rettssaka måtte rettspsykiater Terje Tørrissen be om ein ny samtale med Anders Behring Breivik fordi han kom i tvil om sin eigen konklusjon.

Sakkyndigpsykiater Terje Tørrissen forteller retten at han ba om en samtale med Breivik fordi han tvilte på at neon kunne være uberørt av det groteske som kom frem av opplysninger.

SJÅ VIDEO: Her fortel Terje Tørrissen retten om ekstrasamtalen han måtte ha med Breivik under rettssaka.

Den sakkunnige rettspykiateren Terje Tørrissen har saman med Agnar Aspaas vurdert Breiviks mentale helse og konkludert med at 33-åringen ikkje var eller er psykotisk og følgjeleg strafferettsleg tilrekneleg.

Alle dei fire sakkunnige har fulgt hovudforhandlingane i Oslo tingrett sidan starten 16. april. Etter å ha observert Breivik i rettssalen første veka, begynte Tørrissen å tvila på den diagnosen han hadde stilt.

Den 8. mai bad han difor om ein ny samtale med tiltalte.

– Årsaka til at eg spurde om det, var at då det var gått ei veke, begynte eg å tvila, sa Tørrissen då han og Aspaas vitna i rettssal 250 måndag.

LES OGSÅ: Slik var første uka i rettssaken mot Breivik

Reagerte på kjenslelaus Breivik

– Hadde han endra seg? Kan han ha ein psykose?, spurde den sakkunnige seg etter å ha sett Breivik under aktoratet si utspørjing av han den første veka i retten.

Samtalen gjekk føre seg i underetasjen i tinghuset og varte i 20 minutt. Forsvararane var til stades og samtalen blei teken opp på lyd.

Tørrissen reagerte på at Breivik ikke viste kjensler.

– Eg spurde om korleis det var mogleg å kkje gje nokon uttrykk for kjensler i retten. Me gjekk gjennom korleis saka arta seg for han, korleis det var då han kom til Ila og korleis han handterte det det kjensle-relaterte aspektet, opplyste Tørrissen frå vitneboksen.

LES OGSÅ: Tørrissen og Aspaas legg fram rapport i retten

Men etter samtalen var tvilen viska bort att.

– Status presens (psykiateren si tolking av samtalen, journ.merk) var uendra. Det kom ikkje fram nokonting som ikkje har vore framme i samtalar før, fortel Tørrissen.

Dokumentasjonen frå samtalen var til intern bruk, påpeika den sakkunnige under vitnemålet:

Me ønska ikkje at dette skulle vera ein del av grunnlagsmaterialet for andre enn forsvararar, observanden og oss sjølve.

Tørrissen og Aspaas hadde elleve samtalar med Breivik på totalt rundt 40 timar før dei den 10. april la fram rapporten sin, som konkluderer med at Breivik lir av ei dyssosial og narsissistisk personlegdomsforstyrring som ikkje "kvalifiserer" til straffefritak.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.