Hopp til innhold

– Eg er ingenting av det Breivik representerer

SAL 250 (NRK.no): Anders Behring Breivik har fortalt at han sparde Adrian Pracon (21) på Utøya fordi han såg seg sjølv i den unge AUF-aren. – At han ser noko så grusomt i meg, vil eg ikkje ta meg nær av ein gong, sa Pracon då han vitna mot gjerningsmannen fredag.

Adrian Pracon vitna i rettssaka mot Breivik

Adrian Pracon (21) forklarde seg fredag som det siste vitnet frå Utøya.

Foto: NRK

På Utøya møtte Pracon gjerningsmannen tre gonger, men overlevde. I ni månader undra han seg kvifor nettopp han fekk leva, medan 69 av hans meiningsfeller måtte døy på Utøya.

Svaret frå Breivik fekk han i slutten av april, då tiltalte på eige initiativ bad dommarane om lov til å kommentera episoden. Forklaringa Breivik gav, var at han oppfatta utsjånaden til Pracon som høgreorientert , og at den 21 år gamle fylkessekretæren i Telemark AUF minte han om seg sjølv.

Då Pracon inntok vitneboksen fredag, nytta han høvet til å Breivik og retten om sine tankar rundt denne forklaringa.

– Det kom som eit sjokk på meg. Eg er ingenting av det han representerer. At han ser noko så grusomt i meg vil eg ikkje ta meg nær av ein gong, sa Pracon.

I retten skildra Pracon korleis han oppleve blodbadet på Utøya, og sine oppfatningar av gjerningsmannen.

Video ff62e043-5368-4e89-ba81-bac98941d213.jpg

Adrian Pracon seier i eit intervju med NRK at han ikkjeb vil takka Breivik for at han fekk leva.

Såg Breivik visa kjensler på Utøya

Etter eit mislukka forsøk på å prøva å symja frå øya, gøymde han seg i vasskanten på Sørspissen.

– Eg såg han visa kjensler éin gong, det var sinne. Han står på ein stein og ser utover vatnet før han begynner å ropa «eg skal drepa dykk alle». Han blei raud i andletet og stemmen nesten sprakk.

– Det var tunnelsyn. Ein ting: Eliminera og det var det, la Pracon til.

Brått snudde Breivik seg mot Pracon, som stod med vatn opp til hoftene i våte klede, andpusten etter forsøket på å symja vekk. Det var 5-6 meter avstand mellom AUF-aren og gjerningsmannen.

– Eg ropar mot han "nei, ikkje skyt." Han lyfter geværet, leggjer det inn til kinnet og siktar på meg. Alt eg greidde å tenkja på var korleis familien min ville ta det. Eg var overbevist om at eg skulle døy. Eg hadde ikkje pust i lungene til å gjera noko som helst. Alt håp var ute.

Breivik: - Det var ikkje sinne

I det det verkar som om han skal til å trekkja av, så forsvinn han utan eit ord, ifølgje Pracon.

– Eg kollapsa etter det. Det var ei påkjenning utan like. Eg måtte nesten kjenna etter om eg var i live. Noko døydde litt inni meg.

Etter at Pracon var ferdig med vitnemålet sitt fekk Breivik høve til å kommentera opplysningane om at han skal ha vist kjensler.

– Det var påstandar om at eg kom med utrop. Det har eg ikkje verifisert i politiavhøyr, men når han (Pracon; journ.merk.) seier det, så hugsar eg det. Det var korkje emosjonar eller sinne. Det var eit kalkulert psykologisk åtak for å prøva å demoralisera dei symjande, slik at dei skulle drukna.

Det var litt risting på hovuda blant bistandsadvokatane då Breivik kommenterte. Pracon valde å bli ståande i vitneboksen medan tiltalte snakka, og såg rett på han.

Adrian Pracon finner seg selv igjen på bilder fra 22. juli

Adrian Pracon fann seg sjølv blant mange drepne ungdomar på eit bilete av Utøya 22. juli.

Foto: NRK

– Tragedien har kosta meg dyrt

På eit seinare tidspunkt kom likevel Breivik tilbake til Sørspissen og losna skot mot mange som gøymde seg der - også mot Pracon.

Eitt av skota trefte han i skuldera. Pracon har vore gjennom fleire operasjonar. Han går også til psykolog og seier han har vore mykje redd og skeptisk etter massakren.

– Denne tragedien har kosta meg dyrt. Eg greier ikkje ta vare på familie og vener. Eg er oppteken av å komma meg tilbake på beina att, sa Pracon til dommarane i Oslo tingrett fredag.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.