NRK Meny
Normal

– Rett framfor statua smell det

SAL 250 (NRK.no) Jusstudenten Eivind Dahl Thoresen (26) snakka med kameraten i telefonen om Tour de France medan han nærma seg Høgblokka den 22. juli. Så small det.

Eivind Dahl Thoresen vitnet i 22. juli-rettssaken

Eivind Dahl Thoresen var tilfeldig forbipasserande då bomba eksploderte i Regjeringskvartalet. Han blei hardt såra og vitna i dag i rettssaka mot Breivik. Her får han støtte frå bistandsadvokaten sin, Ellen Holager Andenæs.

Foto: Hakon Mosvold Larsen / Afp

I fjor sommar var Thoresen sommarvikar i OBOS-bygget ved Hammersborg Torg nær Regjeringskvartalet. Han hadde akkurat avslutta for dagen og var på veg ned til togstasjonen då bomba detonerte.

Medan han gjekk, snakka han i telefonen med ein kamerat for å få oppdateringar om sykkelløpet Tour de France. Det var sommar, helg og 26-åringen ante fred og ingen fare.

– Eg hugsar alt. Eit stort smell og flammar i høgre synsvinkel. Eg tek opp armane for å verna meg, men blir kasta fleire meter bakover. Då eg reiser meg opp er eg veldig varm. Føler ikkje smerte, men det pip i øyro, fortalde Thoresen til retten då han i dag gjekk inn i vitneboksen som den første av dei overlevande.

Skadde hjelpes på Einar Gerhardsens plass

Her får Eivind Dahl Thoresen førstehjelp ved Regjeringskvartalet den 22. juli 2011.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

– Heilt surrealistisk

Åtte menneske mista livet, ni vart alvorleg såra og minst 200 fekk andre skadar då bomba gjekk av.

– Eg drog frå jobb rundt klokka 15.20. Eg gjekk litt i mi eiga verd og fekk siste nytt frå kompisen min, fortel Thoresen.

Han såg seg sjølv på videoen som blei vist i retten i starten av rettssaka. Onsdag forklarte han seg i 35 minutt i rettssal 250. Til høgre for han sat Breivik, som veksla mellom å sjå på Thoresen og å sjå vekk.

– Eg gjekk skrått nedover Grubbegata. Rett i forkant av statua, smell det, minnast studenten, som kom inn i rettssalen på krykker.

Då terroren råka såg 26-åringen at det brann rundt han, og tenkte med ein gong at «dette må vera ei bombe».

Han blei liggjande hardt såra ved sida av to døde. Han såg ein mann med ein nærmast avriven fot og ville hjelpa, men oppdaga då blodspruten som stod ut frå sin eigen arm.

– Det var heilt surrealistisk å sjå så mykje blod koma ut av min eigen kropp, seier Thoresen.

Livreddande hjelp frå kollegaer

Eivind Dahl Thoresen

Studenten Eivind Dahl Thoresen går framleis på krykker på grunn av dei omfattande skadane han fekk under bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet 22. juli i fjor.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Thoresen tørka vekk ei tåre medan han tok retten med tilbake til dramatikken og alt det vonde han opplevde den 22. juli. Den terrortiltalte hadde ingen synlege reaksjonar på det han høyrde og såg.

Like etter bombeåtaket fekk Thoresen livreddande hjelp frå to av kollegaene sine. Ein av dei hadde erfaring frå bombesituasjonar i Kurdistan.

– Han sørgde for å halda luftvegane opne. Han slo meg i andletet og heldt kontakt med meg dei gongene eg svima av, hugsar Thoresen.

Dei to kollegaene nekta å gå frå Eivind, sjølv om ei politikvinne kom og åtvara om fleire bomber.

Video - Håper å kunne kaste krykkene snart

Sjå video: Thoresen håpar å kunne kasta krykkene snart.

Framleis på krykker

Thoresen har vore gjennom fem operasjonar som følgje av splintskadar i store delar av kroppen. Ni månader etter terroren går han framleis på krykker.

– Eg hadde siste operasjon rett før påsken, då dei fjerna den siste splinten i leggen. Eg håpar det var siste operasjonen og skulle helst ha klart meg utan krykkene. Men det er god progresjon og eg trur eg vil kunne gå så tidleg som i neste veke, sa Thoresen til NRK tidlegare denne veka.

I tillegg til at han framleis er avhengig av krykker, har han også psykiske plager.

– Eg merkar at eg slit med høge smell. Eg blir redd. Men eg har heile tida forsøkt å snu det at eg overlevde til noko positivt.

– Har det hjelpt deg? spurde aktor Inga Bejer Engh under vitneforklaringa onsdag.

– Ja, det har hjelpt meg til å tenkja positivt og ta små skritt for å koma meg tilbake.

– Orsakinga frå Breivik er utan verdi

Thoresen hadde eitt semester att på jusstudiet ved Universitetet i Bergen (UiB), og skulle på utveksling til Amsterdam hausten i fjor. I stadenfor blei han liggjande i sjukesenga. Han satsar no på å bli ferdig med studiet til sommaren.

Bergensstudenten var ein av dei som Breivik bad om unnskyldning til under utspørjinga i rettssalen måndag denne veka.

– Då eg høyrde at dei las opp namnet mitt gjekk det ein støkk gjennom kroppen min. Det var frykteleg ubehageleg å høyra sitt eige namn. På den måten blei situasjonen litt mindre verkelegheitsfjern.

– Men ei orsaking er på ingen måte nok. Eg fekk nesten dårleg samvit over at han bad om orsaking overfor meg og ikkje overfor alle. Eg har også tenkt at det kan vera reint taktiske årsakar til at han sa det, at han vil visa dommarane og aktoratet at han evnar å visa sympati. Men uansett om orsakinga er reell eller ikkje, har den ingen verdi for meg, uttala Thoresen til NRK.