NRK Meny
Normal

– Breivik vil ha eit super-EU

Anders Behring Breivik er ein militant ekstremist som leikar Gud og vil ha eit super-EU, svara historikar Øystein Sørensen i nettmøte med NRK.no sine lesarar måndag.

Øystein Sørensen

Professor i historie, Øystein Sørensen, svarar lesarane på spørsmål om Breiviks ideologi i nettmøte frå klokka.13.00.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Historiker Øystein Sørensen
Foto: Sissel Drevsjø/Universitetet i Oslo

Øystein Sørensen er professor i historie ved Historisk institutt på Universitetet i Oslo.

Måndag svara han NRK.no sine lesarar på spørsmål om Breiviks ideologiske tankegods, høgreekstremisme og om den totalitære mentaliteten til Breivik. Det kom inn spørsmål i fleng, blant anna om Breiviks syn på ateistar, om Ku Klux Klan og skilnaden på utilreknelege og ideologiske fanatikarar.

«Kva vil du eigentleg kalla Breivik sitt livvsyn?», spurde lesaren Marthe.

– Han er ein militant, revolusjonær, terroristisk høgreekstremist. Det er mogleg at ein kan kalla han ein slags neofascist. Men først og framst er han ein totalitær tenkjar som prøver å leika Gud, svarar historieprofessoren.

Kontrajihadist eller islamofob

Professor Sørensen har forska på politisk idéhistorie med særleg vekt på utviklinga av norsk identitet, i tillegg til nasjonalsosialisme og totalitære politiske ideologiar.

Sørensen meiner at Breivik er har ein totalitær mentalitet og at han må vera tilrekneleg, slik dei siste sakkunnige rettspsykiatrane har konkludert med.

– Terroren 22.juli vitnar om eit svært forskrudd sinn. Men det er meir i manifestet. Det er gjennomsyra av ein totalitær mentalitet, meiner han.

Breivik er ein kontrajihadist, eller ein islamofob, ifølgje Sørensen.

Han har saumfart Breiviks 1500 sider lange såkalla manifest. Han ser ein sterk konspirasjonsteoretisk førestelling som ligg til grunn for hans fiendebilete: frykta for at Europa vil bli ein del av den muslimske araberverda - Eurabia.

Terroristen forfektar at ein kulturmarxistisk elite i Europa og leiarar i muslimske land har samansverja seg for å bryta ned den europeiske og vestlege kultur gjennom masseintegrasjon av muslimar.

– Breivik vil ha eit super-EU

Lesaren Rune bad professoren om kva slags samfunn og makstrukturar Breivik såg føre seg i si ideelle verd:

– Han vil ha eit super-EU, ein tett føderasjon av europeiske statar. Ei felles katolsk-protestantisk kyrkje skal ha ein avgjerande innverknad på politikk, moral og samfunnsliv. Både kyrkja og det politiske systemet skal vera strengt hierarkisk, informerer Sørensen.

Han fortel vidare at Breivik ikkje vil ha eit eittpartisystem, men at parti skal eksistera innanfor strenge rammer.

– Alt som er skadeleg, som marxisme, multikulturalisme, islam og nazisme også vil han forby. På toppen av det politiske systemet skal det vera eit "konservativt voktarråd" som skal hindra utglidinger. Personar med uønska meiningar skal deporterast eller likviderast.

«Har Breivik mykje til felles med nazistane?»

Ein annan lesar lura på korleis Breivik forheld seg til ateistar.

– I den nye verda hans er det ikkje eit problem å vera ateist, så sant ein anerkjenner at kristendommen har kulturelt hegemoni, opplyste professor Sørensen.

Har Breivik mykje til felles med nazistane? var eit spørsmål fleire ønskte at professoren skulle greia ut om.

– Breivik sine idear er ganske annleis enn dei nazistane hadde frå 1930-åra. Men det er likskapstrekk i dei totalitære førestellingane om å skapa ei heilt ny og rein verd, og i den djupe forakta for alle som meiner noko anna enn han, skreiv Sørensen

Video Breivik kommer inn i rettsalen

Breivik viste ei høgreekstrem helsing på veg inn i rettssalen på første rettsdag.

Foto: Nyhetsspiller

Avretting er del av det politiske prosjektet

Då Anders Behring Breivik fekk ordet i rettssalen i dag, starta han med å fortelja at han ikkje anerkjenner retten, fordi Noreg er styrt av politiske parti som støttar multikulturalismen. Han innrømde å ha drepe 77 menneske den 22.juli, men erkjende ikkje straffskuld og viste til naudretten.

Sørensen har totalitære ideologiar som sitt fagfelt og har gjeve ut fleire bøker om temaet. NRK har tidlegare omtalt den siste boka til Sørensen, «Drømmen om det fullkomne samfunn».

I denne boka fortel Sørensen at bruken av vald mot dei som har eit anna syn, er eit felles kjenneteikn for dei mange formene for totalitarisme. Avretting av avvikarar er ein sjølvsagt del av det politiske totalitære prosjektet, ifølgje historikaren.

«Går det an å seia noko om kva typar samfunn som fostrar flest ekstremistar? Er ekstreme haldningar ein pris me må betala for fridom?», spurde Marius under dagens nettmøte på nrk.no.

– Eg er stygt redd for at me må finna oss i at nokre vil utvikla ekstreme haldningar i eitkvart samfunn. Der er nok ein pris me må betala. Men me må setja absolutte grenser ved bruk av vald og trugsmål om vald, seier Sørensen.