Den 22. juli sat tryggingsvakten Tor-Inge Kristoffersen på vaktsentralen som ligg under bakkeplan, nedenfor resepsjonsområdet i Høgblokka i Regjeringskvartalet.
Tysdag gjekk Kristoffersen inn i vitneboksen i rettssal 250 i Oslo tingrett som første vitne i rettssaka mot Anders Behring Breivik.
– Det var surrealistisk og rart å tenkja på at mannen som sat der inne i salen var den same som eg såg i uniform på overvakingsskjermane den 22. juli, seier Kristoffersen til NRK då han kjem ut av rettssalen.
– Godt å vera ferdig
Kristoffersen seier det ikkje spelte noko rolle for han om Breivik var i salen eller ikkje medan han vitna.
– Eg fylgde rettssaka frå ein annan sal på tinghuset tre dagar førre veke, og har sett bilete av mannen i media over lengre tid. For meg var han allereie ufarleggjort, det spelte inga rolle at han sat der.
– Eg var nervøs og kjende det i magen då eg såg eg skulle inn som første vitne. Men det var like greit å få det unnagjort. Det er godt å vera ferdig,
– Berre stusseleg
Fram til klokka 15.17 den 22. juli i fjor, var arbeidsdagen normal for Kristoffersen. Det var på dette tidspunktet at Anders Behring Breivik plasserte bombebilen ved inngangsdøra til Høgblokka.
Ni minutt etterpå kom eksplosjonen som forvandla heile kvartalet til det som likna ei krigssone. Ein kollega av Kristoffersen vart drepen.
– Eg er ikkje sint på Breivik. Han verker berre stusselegare for kvar dag som går, ein patetisk massemordar, seier Kristoffersen.
Tryggingsvakten retta blikket mot Breivik då han tysdag svara på spørsmål frå forsvararane under vitneforklaringa.
– Eg kikka bort på han, men han såg nedover, så me hadde ikkje blikkontakt, fortel Kristoffersen.
Såg på bilen då den eksploderte
Kristoffersen og kollegaen blei varsla av resepsjonen om ein førarlaus Volkswagen Crafter som stod parkert utanfor inngangspartiet.
– Det såg ut som ei normal feilparkering. Me har eit skilt som seier at innkøyring berre er lov etter avtale med vakten, men folk respekterer jo ikkje slike skilt. Me jagar bilar derifrå på dagleg basis, Det er bodbilar, taxiar.
Men bilføraren var borte, og tryggingsvaktane måtte spola seg tilbake på opptaka frå overvakingskamera for å prøva å finna ut kven som hadde plassert bilen der. På opptaket fekk dei sjå ein mann i uniform. Dei oppfatta mannen som ein vektar, men klarte ikkje å finna ut kvar mannen blei av etter at han låste bilen og spaserte roleg vekk, i retning Akersgata.
For å sjekka bilen opp mot bilregisteret, zooma Kristoffersen inn på registreringsskiltet på kamerabileta. I same øyeblikk gjekk bilen i lufta.
Såg døde og såra
I Oslo tingrett i dag svor Kristoffersen på å seia sanninga, før han begynte å fortelja om korleis dei oppdaga bombebilen og vart vitne til eksplosjonen via overvakingsskjermane.
– Me såg at halvparten av skjermane våre gjekk i svart som følgje av at kamera var sprengde vekk, eller på grunn av all røyken. Me høyrde ikkje smellet frå innsida av vaktsentralen, men kjende eit kraftig drønn. Det rista i heile blokka, hugsar Kristoffersen.
– Kva gjorde du då? spurde aktor Inga Bejer Engh då Kristoffersen stod i vitneboksen i dag.
– Eg fann ut at alarmen hadde gått i heile området, og forstod at det berre var ein ting å gjera: ringja politiet og fortelja om eksplosjonen og om sjåføren som hadde forsvunne.
Medan han snakka med operasjonssentralen forsvann noko av røyken etter bomba. Det var eit uverkeleg syn som møtte han.
– Då såg eg døde folk på utsida av bygningane og dei store øydeleggingane i Regjeringskvartalet, sa tryggingsvakten som ikkje har vore vekke frå jobben etter terroråtaket.
– Ringde for å spørja om pappa var i live
Kristoffersen vart sitjande på vaktsentralen til klokka 22.30 kvelden 22. juli. Telefonane ringde utan stopp.
Etterpå sat eg meg i bilen min og reiste heim. Det var rart å koma heim att, men godt å sjå borna mine igjen. Dei hadde ringt fleire gonger for å spørja om pappa var i live.