NRK Meny
Normal

Arresterte Breivik på Utøya: – Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg

SAL 250 (NRK.no): – Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då Breivik fortalde om den tredje cella, seier innsatsleiaren til politiet som sette handjerna på Breivik på Utøya 22. juli.

Video 85ee3c1f-3c59-4a75-b02b-053a54691657.jpg

VIDEO: - No er terroren komen til Noreg, tenkte innsatsleiar Håvard Gåsbakk 22. juli. Her kan du sjå NRK sitt intervju med Gåsbakk etter at han vitna fredag.

I dag starta retten på bevistema 10 - arrestasjonen av Breivik. Under denne bolken skal fleire av politifolka som hadde sentrale roller den 22. juli innta vitneboksen.

Blant dei som forklarde seg fredag, var Håvard Gåsbakk, innsatsleiar ved Nordre Buskerud politidistrikt.

Gåsbakk køyrde den første båten med fire operatørar frå beredskapstroppen til Utøya. Han var også den som sette handjern på massedrapsmannen rundt klokka 18.35 terrordagen for snart eitt år sidan.

– Han rapporterte som ein soldat med korte, konkrete meldingar. Det verka som Breivik hadde full kontroll. Det var ikkje noko nøling, fortalde Gåsbakk retten fredag.

Video Utøya - her ble gjerningsmannen pågrepet, Håvard Gåsbakk

VIDEO: Her blei gjerningsmannen arrestert på Utøya.

– Eg sat meg oppå han og tok på handjern

Etter å ha fått motorstopp med politiet sin gummibåt, blei Gåsbakk med dei fire over i ein fritidsbåt. Ute i fjorden, på veg over til Utøya, ser dei skrekkslagne ungdomar som symjer i det kalde vatnet. Heile vegen får dei rapportar frå politifolk på landsida som ser folk bli skotne på Sørspissen.

– Me går i land og høyrer framleis skot. Vår taktikk er å få kontroll over gjerningsmannen, fortel Gåsbakk i retten.

Dei fem tek seg først bortover langs vasskanten, men der er det ulendt. Dei flytter seg difor litt oppover medan dei ropar «væpna politi». Heile vegen høyrer dei skot.

Dei tek ein pause for å lokalisera gjerningsmannen, og byter skjoldmann. Etter å ha lytta litt tek dei seg ned mot Skolestua. Der ser dei ein person som går i skogsterrenget.

– I det me tek oss ned gjennom kratt står Breivik brått framfor oss, iført ein politiuniform, ein tettsittande overdel og ei bukse lik den eg har på meg i dag.

Breivik hadde også med ein vest med magasin og ein leidning opp til øyro.

– Me bad han leggja seg ned på kne. Breivik stod med hendene ut til sida. Eg ropa «legg deg ned, legg deg ned», sat meg oppå han og tok på handjern. I tillegg spurde eg etter ID.

– Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg

Gåsbakk hugsar godt responsen frå Breivik i det han sat oppå tiltalte.

– Han seier : Det er ikkje dykk eg skal ta, eg ser på politiet som brør. Dette er eit statskupp. Eg skal redda Noreg frå islamiseringa.

Breivik sa vidare at han skulle fortelja 80 prosent av sanninga, og at dei kunne forhandla om de 20 siste.

– Eg ser at det ligg to døde rett bak Breivik. Eg prøver å snakka med han og seier at jo tidlegare dei får i stand eit avhøyr, jo tidlegare kan me forhandla.

«Eg er ein av tre celler. Når den tredje cella aktiverer kjem det til å bli eit helvete», sa Breivik då.

– Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då Breivik fortalde om den tredje cella, minnast Gåsbakk.

Video «Delta» ankommer Utøya

VIDEO: Beredskapstroppen kjem til Utøya under massakren 22. juli.

Breivik: – Politiet gjorde det dei kunne

Breivik bad deretter om å få eit plaster på grunn av ei rift i fingeren.

– Eg sa til han at det er ikkje noko me prioriterer akkurat no. Det ligg fleire døde og alvorleg såra her.

Den erfarne politibetjenten hugsar godt synet av ei jente inne i eit kratt. Armen hennar hengde i ei tynn slintre og ho var skoten i begge låra.

– Ho såg ut som eit gjenferd. Det er eit bilete som eg hugsar godt.

Då Gåsbakk var ferdig med å forklara seg, bad Breivik om å få kommentera utsegna til innsatsleiaren. Breivik sa han bestemte seg der og då for å ikkje gå i kamp med politiet. I staden gjekk han over til «propagandafasen» - å nytta rettssaka til å få merksemd rundt sine synspunkt.

– Når det gjeld «Delta-operatørane», så kom eg med fleire utsegn fordi eg rekna med at de ville bli heilt emosjonelt ustabile og kanskje skyta meg då dei såg kva eg hadde gjort.

Breivik nytta også taletida til å påpeika at politiet gjorde ein god jobb:

– Politiet oppførde seg optimalt med tanke på at det var fellesferie, seint på ein fredag. Eg er topptrent militært. Eg har studert politiet sine rutinar, responstid og våpen. Eg ville fullføra oppdraget før politiet kom på banen. Det e berre eg som har skuld. Politiet gjorde det dei kunne, og kunne ikkje gjort meir, sa Breivik.

Video 4a671940-9f73-49f8-8b18-00a940e7e5e5.jpg

VIDEO: Innsatsleiar Håvard Gåsbakk ved Nordre Buskerud politidistrikt rosar fastbuande og campingfolket ved Tyrifjorden som bistod med å evakuera såra frå Utøya.

Ros til båtfolket

Mange av båtfolka har reagert på forklaringar frå politiet om at dei ikkje kunne ha kome seg over til Utøya tidlegare, fordi det ikkje var tilgjengelege båtar i området.

Under sitt vitnemål retta innsatsleiar Gåsbakk også ein stor takk til dei frivillige som kasta seg i båtane sine og gjorde ein iherdig innsats med å berga såra og traumatiserte ungdomar ute i fjorden.

– Ein ting vil eg seia, hadde me ikkje hatt båtfolk i Tyrifjorden den dagen, så hadde me hatt eit stort problem. Det var berre velvilje frå båtfolket for å stilla opp, all ære til dei, sa Gåsbakk.

– Me fekk vatn i bensinen

Mattis Hamborg

Hans Mattis Hamborg frå Nordre Buskerud politidistrikt var aksjonsleiar for Utøya 22. juli. Fredag vitna han i retten.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Kollegaen til Gåsbakk, Hans Mattis Hamborg, vitna også i rettssaka mot Breivik fredag. Hamborg var aksjonsleiar for Utøya, ein leiar på taktisk nivå.

– Oppdraget var klart. Me skulle ut på Utøya. Nøytralisera gjerningsmannen eller menn. Utføra livreddande førstehjelp, evakuera såra og overlevande frå øya, opplyste Hamborg.

Hamborg køyrde i bil saman med båtføraren for politibåten. Saman fekk dei den i ettertid utskjelte raude gummibåten på vatnet ved Vanførerhjemmet, og køyrde den til Storøya, som til slutt blei oppmøtestaden for beredskapstroppen.

Der plukka dei opp innsatsleiar Gåsbakk og åtte operatørar frå beredskapstroppen. Totalt er dei 11 tungt lasta polititenestemenn i den vesle båten. Etter kort tid får dei motortrøbbel.

– Me fekk vatn i bensinen. Ein utruleg ulukksalig situasjon,. Det er utruleg vanskeleg å vera politimann då, det einaste me ville var å koma oss over til den øya, fortalde Hamborg i rettssal 250.

– Vurderinga for lastinga av båten var at me ønskte å koma med så mange personar som mogleg over på den øya, sa aksjonsleiaren.