Hopp til innhold

Grilla kommisjonsleiaren på uklare svar

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen kom med krasse spørsmål til leiaren for Den rettsmedisinske kommisjonen (DRK) etter alle uklarheitene rundt vurderinga av den andre sakkunnig-rapporten.

Karl Heinrik Melle og Tarjei Rygnestad i DRK

Tarjei Rygnestad (t.h.) er leiaren for Den rettsmedisinske kommisjon som skal kontrollera rettspsykiatriske rapportar i Noreg. Tysdag måtte han svara på mykje av kritikken mot DRK etter uklare svar på rapport nummer to om Breiviks psyke. Leiaren for psykiatrisk gruppe i DRK, Karl Heinrik Melle (t.v.) skulle også vitna tysdag, men er flytta til onsdag.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Leiaren for DRK, Tarjei Rygnestad, måtte stå skulerett framfor aktørane i rettssaka mot Anders Behring Breivik tysdag ettermiddag.

Svaret dei gav etter å ha vurdert den andre rapporten om psyken til Anders Behring Breivik, er framleis så uklart at både bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen og fagdommar Arne Lyng gjekk langt i å pressa Rygnestad for å få eit klart svar.

Forvirring rundt merknader og manglar

DRK skal kontrollera alle rettspsykiatriske erklæringar i Noreg for å sikra at dei er fagleg gode nok. Den første rapporten,som erklærer Breivik utilrekneleg, hadde kommisjonen ingenting å utsetja på.

I eit brev datert 23.april skriv kommisjonen at dei har «følgjande merknader» til Terje Tørrissen og Agnar Aspaas sin rapport.

Då bistandsadvokat Larsen tysdag spurde om kommisjonen hadde «vesentlege merknader» til rapporten, svara Rygnestad ja.

– Det står ikkje vesentlege merknader i brevet. Korleis skal me forstå det? undra Larsen.

– Dersom me gjev ein merknad, så er den vesentleg, svara Rygnestad kort.

Men Larsen gav seg ikkje med det. I tillegg braut fagdommar Wenche Arntzen inn og påpeika at det er «vesentlege manglar» som er den riktige ordbruken ifølgje Straffeprosesslova § 147.

– Det er eg sjølvsagt klar over, Det har utvikla seg over mange år at ein seier vesentleg merknad, men eg er heilt klar over at det står vesentleg mangel, sa Rygnestad.

Mette Yvonne Larsen og Siv Hallgren

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen (t.v.) gjekk langt i si utspørjing for å få klare svar frå leiaren i Den rettsmedisinske kommisjon.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Bad om orsaking etter grilling

Larsen og Rygnestad avbraut kvarandre fleire gonger under vitnemålet. Rygnestad blei tydeleg irritert over den intense utspørjinga.

Etter å blitt grilla av Larsen på uklare svar, bad kommisjonsleiaren til slutt om orsaking på vegne av DRK:

Rygnestad: – Dersom det er uklart, ber eg om orsaking for det. Me skal retta opp i det.

Larsen: – Er du samd i at dette kan verka uklart?

Rygnestad: – Eg kan ikkje vera usamd i at du syns det er uklart

Larsen: – Korleis skal alle andre forstå det?

Rygnestad: – Det er noko me må retta opp i.

Då Larsen til slutt bad om å få høyra meir om habilitetsvurderingane i kommisjonen, vart kommisjonsleiaren tydeleg irritert.

– Skal eg lesa det opp? spurde Rygnestad spydig då retten allereie var på overtid i forhold til dagens framdriftsplan.

Tingretten kravde svar

Etter å ha fått tilleggserklæringa den etterlyste frå Aspaas og Tørrsissen, opplyste DRK den 21. mai at dei tok denne «til etterretning». Oslo tingrett fann det naudsynt å senda eit brev til kommisjonen for å be den gjera greie for om den hadde funne vesentlege manglar i rapporten eller ikkje.

I svaret tingretten fekk, opplyser kommisjonen at den meiner Aspaas og Tørrissen framleis ikkje har svara tilfredsstillande på deira merknader.

Les heile brevet frå DRK til tingretten her.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.