NRK Meny
Normal

Breivik poserte for politiet i undertøyet

SAL 250 (NRK.no): Anders Behring Breivik poserte for politiet i berre boksershortsen etter at han var pågripen på Utøya, fortalde politioverbetjenten som var ansvarleg for det første avhøyret av terroristen på Utøya 22. juli.

Breivik

Breivik var først motvillig til å la seg fotografera etter arrestasjonen på Utøya, og nekta å sjå i kameralensa. Men når han fekk av seg kleda poserte drapsmannen meir enn gjerne.

Foto: Politiet

Etter arrestasjonen av Anders Behring Breivik på Utøya den 22. juli i fjor, blei ein politioverbetjent frå Oslo med lang erfaring frå informasjonsinnhenting kalla inn for å avhøyra mannen som skulle visa seg å ha drepe 77 menneske i løpet av tre timar.

I dag vitna den anonyme overbetjenten i rettssaka mot den terror-tiltalte.

Poserte som ein kroppsbyggjar

Det første avhøyret av Breivik fann stad i annan etasje i Hovudhuset på Utøya frå klokka 20.10 til 04.50. Like før avhøyret starta, sikra Kripos DNA og tok bilete av gjerningsmannen.

– Han var først veldig uvillig til at dei skulle ta bilete av han. Eg hugsar ikkje kvifor, fortel vitnet som til vanleg jobbar under seksjonen for organisert kriminalitet - avsnittet for Spesielle operasjonar (SO).

Deretter blei Breivik overivrig etter å vrengja av seg kleda - ein falsk politiuniform.

– Det var ein uavklart situasjon og me frykta at han skulle ha sprengstoff på kroppen. Me måtte få roa ned tempoet litt.

– Han stod til slutt i boksershortsen. Då ville han gjerne posera for kamera, slik ein gjerne ser bodybuilderar gjera, sa vitnet.

Politiet tok ikkje bilete av Breivik under denne «seansen». Vitnet demonstrerte difor frå vitneboksen posituren Breivik stod i - til latter frå tilhøyrarane i rettssal 250.

Hovedhus Utøya

Det første avhøyret av Breivik fann stad i annan etasje i Hovudhuset på Utøya frå klokka 20.10 til 04.50 den 22. juli 2011.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Breivik lo av demonstrasjonen

Også Breivik lo på tiltalebenken då overbetjenten stilte seg sidelengs og stramma biceps-muskelen.

– Korleis oppfatta du situasjonen? spør aktor Svein Holden.

– I ein annan situasjon heilt latterleg. Men der og då var det vanskeleg å forstå, svarar vitnet.

Politi-vitnet reagerte på mykje under avhøyret av Breivik. Ein ting vil han likevel trekkja fram.

Både til den anonyme politioverbetjenten som hadde ansvar for det første avhøyret og til Håvard Gåsbakk, innsatsleiaren som sette handjerna på Breivik, klaga Breivik over at han blødde frå fingen.

– Han sa noko om at han «berre kunne tola å mista så og så mykje blod». Men det var ikkje mykje blod. Me sette på eit plaster, så var det greit.

– Oppfatta han som redd

Vitnet og dei andre som hadde fått i oppgåve å avhøyra gjerningsmannen fekk han «overlevert» frå beredskapstroppen på utsida av Hovudhuset. Dei opplyste Breiivk om at dei skulle ta han med opp i annan etasje for ein prat.

Avhøyraren blei i retten beden om å gjera greie for sitt førsteinntrykk av Breivik. Vitnet var klar på at han oppfatta Breivik som redd.

– Eg oppfatta han som redd. Han var veldig oppteken av at han skulle bli avretta. «Om de skal skyta meg, kan de like godt gjera det her», sa han til oss. Me avkrefta det ganske raskt, opplyser

Fekk ei brus og roa seg

Breivik var overbevist om at dette var slutten for han, og sa til politiet at han kom til å dehydrera og døy i løpet av eit par timar dersom han ikkje fekk vatn på grunn av stoff han hadde teke.

Politiet fekk undersøkt rusmidla som Breivik sa han hadde teke, og informerte terroristen om at dette ikkje var ein cocktail han kunne døy av.

– Så fekk han ei brus. Då framstod han ikkje som redd lenger. Han blei rolegare, men offensiv, fortel vitnet.

Breivik var likevel redd for familien sin, og frykta særleg at mora skulle bli avretta som følgje av ugjerningane hans.

Kalla AUF-ungdomane «marxist-yngel»

Avhøyrsrommet i Hovudhuset på Utøya bestod av eitt bord, sofaer og stolar. Breivik blei plassert i ein lenestol med fronten mot bordet. Avhøyrarane sat i sofaen.

Ifølgje vitnet forstod Breivik heilt klart kva han hadde gjort.

– Han sa han hadde hatt ein fæl dag. Eg meiner han brukte orda «ein jævleg ting å gjera», men at han måtte gjera det.

Sympati for dei ungdomane han hadde såra og drepe på Utøya såg vitnet likevel ingen teikn på:

– Nei, «Marxist-yngel» kalla han AUF-arane.

Vitnet oppfatta Breivik som pratsam. Svara han gav var samanhengande og detaljerte. Han var oppteken av å få fram den politiske bodskapen sin, og ville forhandla.

– Han var inne på at det var tre celler og at «det som hadde skjedd fram til no berre var eit fyrverkeri», opplyser vitnet.

Breivik lo fleire gonger under avhøyret, som fann stad i underkant av to timar etter at han drap sitt 77. offer.

– Han gapskratta ikkje, men smilte og humra litt. Han gav ein periode uttrykk for at han var sliten. Etter den innleiande fasen var sinnsstemninga meir stabil, fortalde vitnet i Oslo tingrett fredag.

Anders Behring Breivik i retten fredag 25.mai.

Anders Behring Breivik kritiserte aktoratet for å terpa på bagatellar i retten fredag 25.mai.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

Breivik avviser avhøyr på Utøya

På slutten av dagen fekk Breivik lov til å koma med korte kommentarar til politiet sine vitneforklaringar.

Han avviste at eit avhøyr fann stad på Utøya, og kalla det ein samtale som politiet tok opp på band utan lov. Tiltalte var tydeleg forarga over aktor Svein Holden sine spørsmål til vitna:

– Holden sin intensjon går på latterleggjering for å landa på utilreknelegheit.

– Når det gjeld dehydrering og at eg var redd for å døy, var det ein kort sekvens som ikkje er representativ for resten av samtalen. Blodet frå fingen er også ein bagatell. Poenget mitt var at det var ein fordel at det ble stoppa, eg hadde mista ein halv liter blod, kommenterte Breivik.